mandag 17. oktober 2016

Russland

Russland er, med sine 23 millionar kv.km verdas største land i flatemål. Det stadig minkande folketalet er no på 140 millionar. Av desse er 94 millionar kristne. Dei fleste russisk ortodokse. 1,6 millionar er evangeliske. Om lag 20 millionar rusarar er muslimar. Resten er ikkje-religiøse. Islam veks snøggast.
Den ortodokse kyrkja er nasjonal, og ho held ved like og styrkjer ein veksande nasjonalisme i landet.
Mellom unge menn går nasjonalismen over i valdeleg rasisme og nasjonalsosialisme. Kyrkja viser ingen vilje til å ta eit oppgjer med slike antikristelege straumdrag. 
Landet har stor etnisk diversitet, og foruaten russisk, blir det snakka 134 ulike språk, svært mange i Kaukasusområdet. Dette er gjerne svært kompliserte språk med mange titals kasus, noko som er ei stor utfordring for bibeloversetjarar.
I Kaukasusområdet lever dei fleste muslimske folkeslaga. Mange ønskjer fridom frå Russland, og det har vakse fram mange terrorgrupper i desse områda. 
Russland har enorme naturressursar, olje, gass, mineraler, tømmer og dyrkingsjord. Men den økonomiske utviklinga går tregt, og gjerne bakover, mykje fordi nokre få søkkrike oligarkar eig og kontrollerer det aller meste av desse naturressursane, og produksjonsmidlane tillike. Etter kommunismens fall sikra dei seg på meir eller mindre uærleg vis  kontrollen over det som ein gong var statseigedom.
Korrupsjonen i landet er eventyrleg, fattigdommen og arbeidsløysa likeeins. Dårleg infrastruktur og nedgang i folketalet medverkar også til negativ utvikling for folk flest.
Landet er i dag heilt avhengig av eksport av fossile energikjelder til Vest-Europa.
Politisk lid landet under eit enormt demokratiunderskot. President Vladimir Putin står meir og meir fram som ein tsar som effektivt og brutalt held all opposisjon nede. Han skyr ingen midlar i kampen om å behalda makta.
Menneskerettssituasjonen i landet er kritisk.
Russiske kvinner er på verdstoppen i abort. 
Russland er ein stor kulturnasjon som har fostra mange av dei største forfattarane og komponistane verda har sett, eit stort bidrag til verdsarven.

Bøn.
  1. Be om at Russland blir lækt åndeleg, moralsk, sosialt og politisk
  2. Be om at dei evangelisk kristne skal leva i samsvar med det evangeliet dei trur på, æra Gud med liva sine, vera sterke i Han, fylte av Anden og at kyrkjelydane skal vera  prega av Kristi kjærleik og Guds fred, frie for kiv og konfliktar.
  3. Be om at desse kyrkjene og dei truande må vera misjonale i heile sin veremåte.
  4. Be om at den ortodokse kyrkja må løysa seg frå usunn nasjonalisme, pådømma hat og vald, halda seg til Guds ord åleine og utelukkande søkja Gud og hans rikes interesser. 
  5. Be om at evangeliet skal få makt i folket, løysa dei frå synd og føra dei inn i åndeleg fridom.
  6. Be om at alkoholen skal tapa si makt over russiske menn, slik at dei kan reisa seg og ta ansvar for koner, barn, hus, heim og samfunn. 
  7. Be om juridisk vern for dei ufødde barna i landet
  8. Be om at russiske menn må sjå seg sjølve som eit vern for kvinner og barn.
  9. Be om rettferdig fordeling av landet sine goder og rikdomar
  10. Be om utvikling av sant demokrati
  11. Be om framgang for evangeliet i Kaukasus
  12. Be om stadig fleire bibelomsettingsprosjekt

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...