Viser innlegg med etiketten ortodokse kristne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ortodokse kristne. Vis alle innlegg

onsdag 28. oktober 2026

Over 60 ortodokse kristne drepne på to dagar i Etiopia


Massakren starta 24. oktober i Oromo-regionen der muslimar er i fleirtal og dei ortodokse kristne i mindretal. Vitner har fortalt om væpna menn som gjekk frå hus til hus og skaut og knivstakk folk til døde. Også kvinner og barn skal vera mellom dei drepne, melder avisa Dagen. 

Herre Jesus! Du ser all sorg og naud, og tek det i di hand. Men ta ikkje berre nauda i di hand, lat også dei som no sørger over tapet av sine kjære oppleva at du ber dei gjennom denne smerten, og at du er med dei i dødsskuggens dal. 

Takk for di kyrkje i Etiopia, og takk for mange år med vekking og stor innhausting. Må dette berre auka på fram mot at du kjem att for å dømma levande og døde og henta alle som trur. 

Og så ber me om at du må beskytta dei truande i Etiopia mot slike åtak . 

Me ber om at dei som har gjort dette må bli arresterte, dømde og straffa. 

I Jesu namn, amen! 

torsdag 29. mai 2025

Dagens nasjon: Georgia

 


Hovudstad: Tiblisi
Folketal: 3,8 millionar. Befolkningstalet er søkkande.
78% er ortodokse kristne. 
1,5% er evangeliske kristne
Politisk er dette vakre landet prega av kampen mellom dei prorussiske og dei som vil orientera landet mot vest-Europa, EU og Nato. Russland har alltid ein finger med i det som skjer i Georgia, og president Putin gjekk i 2008 til militært åtak på landet, demonstrerte sine morderiske intensjonar og okkuperte to provinsar, Abkhasia og Sør-Osetia. I dag er det dei russiskvenlege som har overtaket, og faktisk går så langt at dei fengslar sine politiske motstandarar. 

Åndeleg sett er jordsmonnet litt dårleg i Georgia. Talet på evangelisk kristne dalar, men det dalar saktare enn folketalet. Det er i ferd med å bli restriksjonar på kristent evangelisk arbeid i landet. 

Gode Far! No ber me om at du skal gjesta Georgia. Må ordet ditt gå ut som eit skarpt sverd og råka folk djupt i samvitet slik at dei vender om til Jesus med alt dei er og har. Må alle spenningane dei lever i også vera med å driva georgiarane til deg. Så vil me be om at du vernar dette vakre landet mot russisk aggresjon, og me ber om politisk fridom, sjølvstende og demokrati for Georgia. Amen! 








Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...