I går vart Donald Trump innsett som president i USA. Det kjem til å føra til store endringar i heile verda. Trump har signalisert at han vil driva ein beinhard proteksjonistisk politikk, fysisk stenga grensa mot Mexico og innføra høge tollmurar mot import. Han spør seg om NATO er liv laga, vil søkja nær kontakt med Vladimir Putin og Russland og letta på handelsboikotten mot dette landet etter at det invaderte deler av Ukraina. Dette er svært urovekkande signal for oss i Noreg som i årevis har basert vår tryggleik på at USA vil beskytta oss mot Russland. Den tida kan vera over no, og før me veit ordet av det, vil me enno ein gong kjenna eit desperat behov for å søkja hjelp hos Gud meir enn hos menneske. Difor denne bøna no.
Vår Herre Jesus Kristus! DU er Messias, den levande Guds Son, du har stått opp frå dei døde og du regjerer over himmel og jord. Men me har snudd ryggen til deg, og har gjennom mange år satsa på feil hest, me har stolt på oss sjølve, på oljerikdomen vår og på USA. Me innser no at dette er usikker is å gå på, og me ber deg om å tilgje oss vårt hovmot og vår sjølvgodheit, du som er vårt lands einaste opphav og sanne Gud. Frels oss frå oss sjølve og gje oss sann omvending, tru og gudsfrykt attende. Sjå bort frå kva me har fortent, sjå i nåde til oss og ta oss inn i din varme, for ditt namn skuld. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens unådde folkeslag: Dusadh i India
Dusadhfolket telover 6 millionar menneske. 0.03% er kristne. Dei snakkar hindi, og er hinduar. Dusadh er lågkastefolk som utviser stor k...

-
Det er VG-direkte som melder om dette i dag. 20 menneske skal vera skadde. Quetta ligg ikkje så landt frå grensa til Aghanistan. Be om a...
-
Kart og kjelde: joshuaproject.net Dewarfolket lever aust i India. Dei tel 1142000 menneske. Språket dei snakkar kallast odia. 99,75% er hind...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar