torsdag 21. mai 2026

Seks kristne i Kina arresterte for å driva søndagsskule

 


Kinesiske styresmakter arresterte seks søndagsskulelærar i byen Kaili i Guizhou-provinsen tidleg i mai, og tiltalte dei for å ha "organisert mindreårige i ei verksemd som forsstyrrar offentleg ro og orden, og for å ha lagt til rette for at familiar kan tilbe Gud saman.

Her er namna på dei arresterte: 

  • Wei Yongqiang
  • He Jinbao
  • Quan Xiaolong
  • Long Jian
  • Cheng Yongbing
  • Zhou Guixia (kvinne)

Desse arrestasjonane er ein del av styresmaktene sin "sinifiseringspolitikk" der målet er at alle trussamfunn skal innordna seg verdiane til det kinesiske kommunistpartiet. Difor er det forbode å gje barna ei kristen oppseding,  og fortelja dei om Jesus før dei er 18 år. Styresmaktene veit godt at kristendom og kommunisme er inkompatible storleikar. 


Be om at Gud må fylla dei fengsla med styrke til å stå i situasjonen

Be om at dei må få god juridisk hjelp.

Be for alle kristne i Kina som trufast arbeider for å disippelgjera barn. 

Be om at den kristne vekkinga i Kina skal halda fram med uforminska styrke i åra som kjem

Kjelde: persecution.net

Ingen kommentarer:

Lebesby i Finnmark

  Lebesby er den nordlegaste kommunen i Noreg. Folketal: 1200 Kommunesenter: Kjøllefjord  Næringsliv: Fiske og fiskeforelding Kyrkje og kris...