Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
lørdag 10. februar 2018
Afghanistan
I Afghanistan bur det 34 124 811 menneske (juli 2017). 60% av dei er under 20 år. Gjennomsnittleg levealder er 51 år.
Landet har vore heimsøkt av krig i 3000 år,
Landet vart invadert av Sovjetunionen i 1979. Russarane vart pressa ut då imperiet deira gjekk under i 1989-91.
Etter det vart landet på 90-talet styrt av brutale regimer som Mujahedin og Taliban, før USA og Nato gjekk inn i landet i 2001, det var etter åtaket på USA 11.september same året.
No er stoda den at også Nato og USA har trekt styrkane sine ut, og Taliban, og i den siste tida også den islamske hæren IS (Daesh), har framgang gjennom terror. Den svake regjeringa i Kabul har på ingen måte kontroll over meir enn seg sjølv.
Men Gud jobbar. For 30 år sidan var det 50 kristne i landet. I dag er det mange tusen. Folk kjem til tru gjennom kristne hjelpearbeidarar som syner dei nestekjærleik, og kristne radio og TV-sendingar når djupt inn i landet og har gjeve ny tru og nytt håp til mange trøytte og fortvila menneske. Men all kristen trusutøving må føregå under jorda.
Landet manglar mat og er avhengig av matvarehjelp frå utlandet. Dei KUNNE klart seg sjølve, men bøndene dyrkar heller opium enn mat. 90% av verdas opiumproduksjon føregår i Afhanistan, og opium er råvara for heroin. Me forstår at djevelen herjar fælt på i dette landet.
Mange kvinner døyr under fødsel fordi dei ikkje få lov å ta imot hjelp frå mannlege legar.
Korrupsjonen i landet er eventyrleg
Be om at evangeliet skal spreia seg i landet frå person til person og marinera heile samfunnet i vår tid.
Be om at Bibelen skal bli gjort tilgjengeleg for folk, og at minoritetsspråka også må få seg ei omsetting. Idag føreligg heile Bibelen på Dari, og Det nye testamentet på pashtun.
Be om effektivt vern for dei kristne slik at dei ikkje blir utsette for fengsling, drap og annan vald.
Be om at dei truande skal bli grunnfesta i trua, sterke i Gud og fulle av Andens kraft og nåde.
Be om at under og teikn skal følgja dei som trur.
Be om at Gud skal stoppa framgangen for IS og Taliban, setja kjeppar i hjula for dei og sørga for at dei taper høgde og krasjlandar.
Be om at bøndene skal begynna å dyrka mat og slutta å dyrka opium.
Be om at kvinner som skal føda må få legehjelp, om legen enn er ein mann.
Be om at leiarane i landet må venda om frå sine synder, ta avstand frå bestikkelsar og bli rettsindige i tankane sine og ta beslutningar som er rettferdige.
Be om at barn og unge skal få skikkeleg skulegang og utdanning.
Be om at islam skal tapa makta si over befolkninga, at Allah og Muhammed blir kasta ut og at Jesus Kristus blir invitert inn.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ei bøn for Stord kommune
D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Det er 6 151 000 tyrkisktalande kurdarar i Tyrkia. Dei er eigentleg tospråkelege, og meistrar både tyrkisk og kurdisk (kurmanji). Kurdaran...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar