Viser innlegg med etiketten deportasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten deportasjon. Vis alle innlegg

mandag 21. juli 2025

Millionvis av afghanske flyktningar i Iran blir returnerte til heimlandet


Pga elendige levekår og null fridom har millionvis av afghanarar flykta frå Afghanistan til Iran, ofte i håp om å få koma seg vidare til Tyrkia og derifrå til Europa. Det er for mange eit håplaust prosjekt, og no skjer det motsette. 1 million afghanarar i Iran er blitt deportert til heimlandet det siste halve året.  Det er den største massedeportasjon i nyare tid. Det er 4 millionar afghanarar i Iran. Mange er fødde der. No blir dei sende til eit land dei aldri har vore i, og som blir framstilt som heimlandet deira. Heilt absurd for dei, naturlegvis. Taliban, terrorgruppa som styrer Afghanistan, lover rettssaker mot dei returnerte. Akk og ve, me må be! 

I dag fekk eg dette brevet frå leiaren av Elam-mission, David Yeghnazar: 

Kjære ven,

Eg skriv for å be om forbøn for ei djupt urovekkande krise: millionar av afghanske flyktningar vert tvangsdeporterte frå Iran til Afghanistan.

I fleire tiår har Iran husa over 4 millionar afghanarar som flykta frå vald og ustabilitet i heimlandet. No, samlar styresmaktene afghanske statsborgarar og transporterer dei med buss til grenseleirar. Det er dramatisk og hjarteskjerande. 

Meir enn 1 million menneske har vorte deporterte i 2025. Ein kvart million har vorte deporterte berre sidan slutten av den 12 dagar lange krigen i slutten av juni.

Førre veke høyrde vi frå ein 18 år gammal afghansk kristen som vart teken til ein av desse grenseleirane. Det ho skildra var alvorleg: • Leirane er i avsidesliggande ørkenområde der temperaturane når 52°C/125°F • Mange kjem utan eigedelar, mat eller vatn • Flyktningar vert tvinga til å betale ei avgift — ofte uoverkomeleg — berre for å bli sleppt fri for å krysse inn i Afghanistan . Takka vere støtta di, klarte denne modige unge kvinna å bringe praktisk hjelp til nokre av dei mest sårbare i leiren før ho sjølv kryssa grensa. Gjennom hennar godleik og vitnemål kom to menneske til tru på Kristus.

Fødd i Iran og introdusert for Kristus av iranske truande, hadde denne unge afghanske kvinna aldri sett fot i Afghanistan før. Mange unge deporterte deler same skjebne — sendt til eit land dei aldri har kjent.

Ver venleg å be: 

• For Guds miskunn — at Iran vil stanse denne traumatiske prosessen med tvangsdeportasjon 

• At denne unge kvinna, og andre som ho, vil finne ly og fellesskap i Afghanistans vesle, men modige undergrunnskyrkje 

• For vern av kvinner og jenter som vil møte ein særleg undertrykkande realitet i Afghanistan

Om du kan, ver venleg å vurder å gje til vårt humanitære hjelpeprosjekt. Støtta di hjelper oss å gi kritisk hjelp til dei som lid i desse grenseleirane.

Venleg helsing

David Yeghnazar.


mandag 11. april 2016

Tsjetsjenarane i Russland

Chechen, Nohchi




Det bur 1,3 millionar tsjetsjenarar i Tsjetsjenia. Dei er eit krigarfolk med sterke band til islam. På 600-talet kom evangeliet til dei, og kristendomen var kanskje den dominerande trua mellom dei inntil dei vart introdusert for islam på 1700-talet. I dag er det omtrent ingen kristne tsjetsjenarar att i Tsjetsjenia.

Tsjetsjenarane  lever i eit klanbasert samfunn. Under 2.verdskrigen kjempa dei i den raude armeen mot Tyskland. Etter krigen vart dei løna for innsatsen med at Stalin fekk mennene deportert til Sibir. Dei fekk ikkje venda heim att før i 1968. Tsjetsjenarane hatar Russland og russarar heilt inntil ryggmargen. Etter 1991 prøvde dei å riva seg laus frå Russland, men russarane svarte med ein fælsleg krig som la regionen i ruinar. Slik er det i stor grad enno.

Dette feilsteget frå russisk side har fødd fram mykje terror frå tsjetsjensk side som har råka mjuke mål i Russland.Landet blir i dag styrt av ein president og ein statsminister (Kadyrov og Chiliev). Dei er innsett av Kreml, og begge to er vel det me trygt kan kalla forbryterske element. Dei er moralsk grenselause, og går ikkje av vegen for noko middel for å nå sine uedle mål. Politiske drap høyrer med til dagens orden.

Å driva misjon i Kaukasus er ufatteleg utfordrande. Her trengst det mykje bøn.

Be om at Gud skal gjera noko heilt nytt i Tsjetsjenia, at hans godleik skal bli gjort kjent for tsjetsjenarane, at hans lys skal fløyma over dei , lækja dei og frelsa dei. 

Be om at det skal finnast vegar for den tsjetsjenske Bibelen ut til folket, og at han skal bli lesen med stor iver.

Be om at Jesus skal syna seg for dei gjennom syner, og draumar, og at han skal ausa Anden ut over dei og velsigna dei med lækjedom og glede. 

Be om at det skal bli etablert sterke og vitale tsjetsjenske huskyrkjer.

Be om kristne leiarar i dette folket som kan visa folket vegen til Far og formidla sann åndelegheit og ein moral bygd på sanning og miskunn. 







Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...