Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
tirsdag 31. desember 2013
Mostafa Bordbar sett fri 3. november
Den 3 november vart Mostafa Bordbar overraskande sett fri frå fengsel, og me får tru at dette er Guds verk. Takk til alle som ber. Han lever i faresonen og treng framleis forbøn.
Bønn ved inngangen til 2014
Gode Gud!
Fyll oss dette året med Kristi kjærleik og med stor iver for ditt namns ære.
Må lovsongen lyda der ditt folk er å finna.
Må dine barn vera venlege, fulle av tru, glede og kraft.
Gjer ditt nærvær gjeldande mellom oss.
Kall dine barn til å be, søka ditt åsyn og bevega din arm.
Må bøna bli første prioritet i 2014 for alle som kjenner Jesus.
Må truande menneske dagleg samla seg i større og mindre grupper for å be om ting dei blir samde om.
Må
kristne menneske bli svoltne på ordet ditt, studera det med større iver
enn før, gøyma det i hjarto sine, praktisera det og dela det med andre
menneske.
Må di kyrkje bli reinsa frå vantru, synd og urett.
Må dine barn finna saman og fryda seg over kvarandres selskap.
Må din flamme bli tent i oss og spreia seg ut frå oss.
Må dine gåver bli delt ut mellom oss, og Anden få rom.
Må
ansvaret og omsorgen for dei unådde folkeslaga og for dei ufrelste
mellom oss, gripa oss og driva oss til rette prioriteringar i livet.
Aus Anden ut over kyrkjelyd og samfunn, slik at vanlege folk begynner å spørja etter Jesus og tru på han.
Innstill
oss på nye erobringar , og utrust oss slik at me blir i stand til å
føra menneske frå død til liv, frå mørker til lys og frå Satans makt til
Gud.
Stadfest ordet ditt mellom oss ved at det skjer under og teikn og mektige gjerningar når me ber.
Må
me dette året for alvor å begynna å bevega oss inn i det overnaturlege
og underfulle, og bli kjent med ditt rikes lover og krefter.
Løys oss frå alt som bind oss og som hindrar oss i å utfalda oss og bevega oss mot deg og dine mål.
Gje
oss pionersinn slik at me går inn og introduserer deg for menneske i
miljø der evangeliet er ukjent eller opplevest totalt uaktuelt og
irrelevant.
Gjer oss modige på dine vegne og ikkje la oss skremma av alle slags Goliatar som reiser seg mot deg, ditt namn og ditt ord.
Gje oss den ånd som Elia hadde då han utfordra løgna på Karmel.
Må våre barn og unge bli fanga av Andens vind og tekne med på di reise.
Kom med rettferd og fridom til alle kristne som sit i fengsel, eller som på andre måtar vert forfølgde for trua si.
mandag 12. august 2013
Kristen pakistaner drepen 27.juli
Isak Masih eigde eit jordstykke som godseigaren Mohammed Luqman ville ha, men som han ikkje fekk. Luqman tok då rett og slett jordstykke som sitt eige og sådde det til med søtmaisfrø. Då Isak Masih gjekk ut på åkeren, saman med to av barna sine, for å sjekka ut dette, vart han omringa av menn på motorsykkel, skamslått og skoten i brystet. Han døydde på staden medan dottera Sayma på 12 prøvde å hjelpa. Politiet kom, men ingen vart arresterte. Dei kristne nekta å graveleggja Isak inntil dei skuldige var arresterte. Etter tre dagar fekk dei lovnad om det, men enno er ikkje hovudmannen teken. Drap på kristne vert sjeldan etterforska og tiltalt i Pakistan.
Gode Gud og Far! Du som kjenner sorg og smerte, kom til familien til Isak Masih med trøyst og lindring. Ber særleg om styrke og lækjedom for dottera Sayma og sonen Irshad (15) som var vitne til ugjerninga. Lat Luqman bli funnen, arrestert, stilt for retten og dømt. Hjelp familien til å tilgje den skuldige, og eg ber om at han skal få møta deg og bli frelst frå alle syndene sine.
Gode Gud og Far! Du som kjenner sorg og smerte, kom til familien til Isak Masih med trøyst og lindring. Ber særleg om styrke og lækjedom for dottera Sayma og sonen Irshad (15) som var vitne til ugjerninga. Lat Luqman bli funnen, arrestert, stilt for retten og dømt. Hjelp familien til å tilgje den skuldige, og eg ber om at han skal få møta deg og bli frelst frå alle syndene sine.
Mostafa Bordbar dømt til 10 års fengsel for og å ha truga Irans tryggleik
Domen fall i slutten av juni i ein revolusjonsdomstol i Teheran. Ut frå dokumenta er Mostafa Bodbar dømt for å ha støtta sionismen (alle evangeliske kristne blir rekna som vener av Israel), for å ha late seg døypa og dermed konvertert frå islam til kristen tru, distribuert kristen litteratur (12000 evangelieskrifter), for å ha omsett og dubba fem filmar med kristent innhald, for medlemskap i ei huskyrkje, for å ha halde kristne møter i fleire byar, sendt kristne bøker til ein ven, hatt kontakt med kristne i Tyrkia og Armenia, for å ha lagra 6000 kristne bøker og anna evangeliseringsmateriell i sitt eige hus og for å ha feira jul saman med vener. Alt dette vert vurdert som ein nasjonal tryggleiksrisiko av iranske styresmakter.
"Herre Jesus! Gje Mostafa Bordbar alt han treng av styrke, trøyst og vern. Hjelp han å ha blikket festa på deg slik at han ikkje misser motet når han tenkjer på den lange domen og møter alskens problem, men blir ståande fast i trua. Fyll hjarta hans med glede og fred, og lat han få ord frå deg under forhøyr slik at han kan vitna om di frelse for domarar og andre autoritetar. Må fengslet han sit i bli fylt av ditt lys, og fangar av alle kategoriar koma til tru på deg. Hjelp dei kristne i Evinfengslet til å finna måtar å halda kontakt med kvarandre på, og når din time er inne, må du opna dørane for dei slik at Mostafa Bordbar og alle dei andre kan gå ut i fridom."
"Herre Jesus! Gje Mostafa Bordbar alt han treng av styrke, trøyst og vern. Hjelp han å ha blikket festa på deg slik at han ikkje misser motet når han tenkjer på den lange domen og møter alskens problem, men blir ståande fast i trua. Fyll hjarta hans med glede og fred, og lat han få ord frå deg under forhøyr slik at han kan vitna om di frelse for domarar og andre autoritetar. Må fengslet han sit i bli fylt av ditt lys, og fangar av alle kategoriar koma til tru på deg. Hjelp dei kristne i Evinfengslet til å finna måtar å halda kontakt med kvarandre på, og når din time er inne, må du opna dørane for dei slik at Mostafa Bordbar og alle dei andre kan gå ut i fridom."
fredag 24. mai 2013
Den Sentralafrikanske Republikk
Photo: Flickr / hdptcar
Kjære gode far!
Me ber om styrke og vern for alle dine barn i Den Sentralafrikanske Republikken. Stopp fienden i hans plan om å reinsa nasjonen for kristne. Gjer dine barn i landet modige og kloke, og lat riket ditt gå fram midt i forfølging og smerte. Må det enno ein gong bli slik at "martyrane sitt blod er kyrkja sitt såkorn." Må alle som står bak vondskapen møta Jesus i dei trufaste kristne, og må elden dei kristne no er inne i reinsa og foredla dei i hjarte og sinn. Herre Jesus, lat det syna seg at du som bur i dei er sterkare enn han som bur i verda. Amen!
fredag 29. mars 2013
Dagens unådde: Vakkaliga, India
Folketal 5 576 000
Religion: Hinduisme
Språk: Kannada
Bibelen tilgjengeleg.
Vakkalagafolket er bufaste. Dei driv med husdyr og hagebruk.
Kjære Jesus! Me ber om at indiske kristne skal starta intensiv outreach for å nå vakkaligafolket med evangeliet. Kom til dei med Den heilage ande og mjuk opp hjarto deira for din kjærleik og nåde. Gje dei draumar og syner der dei kan møta Jesus som Skapar og Gud. Må kyrkja di veksa fram i dette folket og vera eit lys i mørkret for dei, og gjer vakkaligafolket sjølv til eit lys for andre folk. Amen.
søndag 24. mars 2013
Hajam, Pakistan
Folketal: 1,9 million
Totalt i verda: 4,1 million
Religion: Islam
Bibel: NT
Språk: Vest-punjabi
Ingen lydbibel
Jesusfilmen tilgjengeleg
Ingen kristne. Uevangelisert.
Kjelde: joshuaproject.net
Kjelde: joshuaproject.net
Gode Gud og Frelsar! Må ditt ord og din Ande nå Hajamfolket på ein slik måte at evangeliet blir kommunisert til dei på ein truverdig og relevant måte. Lat dette folket blir gripen av deg, Jesus, og koma til tru på deg som Guds lam som bar bort syndene deira èin gong for alle då du døydde på krossen. Må di kyrkje bli etablert i dette folket og vera eit sterkt lys som opplyser heile folket. Lat ordet bli forkynt kraftfullt og livsforvandlande mellom dei, og kom nær til dei og læk dei sjuke og attreis dei som har segna under livsbøra.
Kambodsja
Areal: 181 000 kv.km.
Foketal: vel 15 million.
Kristne: 471000
Evangelikale: 240 000
Etter folkemordet mellom 1976-1979 var det nesten ingen kristne att i landet. Men no er dei å finna i alle provinsar, og framgangen for Guds rike er massiv med ein årleg vekst for kyrkjelyden på over 8%.
Be om:
- at fridomen til å forkynna evangeliet skal halda fram.
- lækjedom for all den smerte og sorg som folkemordet påførte folket
- medviten disippelgjerning av barn og unge
- oppfylling av visjonen om å sjå minst èin kyrkjelyd planta i kvar landsby innan 2021
- slutt på korrupsjon i samfunnet
- modne kristne leiarar
- slutt på prostitusjon og seksuell utnytting av barn
- slutt på grådigheit og undertrykking
- suksess for bibelskulane, og om kvalitet i undervisninga
- vern og utrustning for pastorar
- einskap mellom kristne
Kjelde: operationworld.com
lørdag 23. mars 2013
Lao Phuan-folket, Laos
Det er 131 000 Lao Phuan i Laos. Totalt i verda: 341 000 menneske. Dei snakkar sitt eige språk phuan, som enno ikkje er eit bibelspråk, og folket er blant dei heilt unådde.
Lao Phuan har sterke familieband og barnerike familiar.
Dei er buddhistar som tradisjonelt har vanskar med å forstå at dei er fortapte syndarar som aldri kan oppnå rettferd innfor Gud.
Kjelde: joshuaproject.net
Kjelde: joshuaproject.net
Kjære Herre Jesus! I dag ber me om at ditt ord og di frelse skal bli Lao Phuanfolket i Laos til del. Må di kyrkje ta det ansvaret som trengst for at dette folket skal få del i den arven som du har tildelt dei i evangeliet. Gje dei Andens lys til å forstå at dei er fortapte syndarar som treng ein frelsar av ditt format. Kall di kyrkje til å be også for dette folket. Amen!
Nye åtak mot kristne i Nord-Nigeria
Situasjonen er svært spent i Nigeria etter et bombeangrep mot en buss i byen Kano sist mandag, hvor flere titalls mennesker døde.
Angrepet skjedde ved et travelt trafikk-knutepunkt i Sabon Gari-området, et hovedsakelig kristent område i byen Kano, nord i Nigeria. En bil med en bombe kjørte i stor fart rett inn bussen som var full av passasjerer. Den kraftige eksplosjonen medførte at også andre busser tok fyr. De fleste av ofrene var sannsynligvis fra den overveiende kristne igbo-stammen, som gjentatte ganger har vært mål for religiøst motivert vold. Politiet tror to medlemmer av den militante, islamistiske Boko Haram-gruppen utførte selvmordsangrep.
For bare en måned siden ble seksten kristne drept i to andre delstater nord i Nigeria. Den 21. februar ble ti personer, alle fra samme familie, brutalt skutt ned eller drept med store kniver i nærheten av byen Jos i delstaten Plateau. Blant de drepte var seks barn. To dager etterpå ble seks personer, blant dem en seks måneder gammel baby og hennes mor, skutt og drept av bevæpnede angripere i delstaten Kaduna.
De to angrepene i februar skjedde uten forvarsel, utført av tungt bevæpnede menn. Det er ikke brakt på det rene hvem gjerningsmennene var, men angrepene bærer preg av å ha blitt utført av islamister. I begge tilfellene var spesialstyrker til stede i området, som skulle forhindre at slike angrep fant sted, men de grep ikke inn. Noen tror soldater fra spesialstyrkene selv deltok i massakrene.
Sammen med Christian Solidarity Worldwide vil Stefanusalliansen oppfordre til bønn om fred i Nigeria i en sjeldent spent og alvorlig situasjon. Vær med å be:
- om trøst for ofrenes familier
- be spesielt for Luka, en 20 år gammel mor som overlevde angrepet den 21.02 med store skader. Hun mistet sin mann og to barn i massakren, samt brorens familie på fem
- om at det ikke skal komme hevnangrep
- om visdom, og vilje til handling, for nigerianske myndigheter som må håndtere denne situasjonen
- om at spesialstyrkene som er utplassert for å hindre vold, virkelig skal utføre dette oppdraget
- om at volden må ta slutt og gjerningsmennene bringes for retten
Kilde: Magasinet Stefanus mars 2013
mandag 18. mars 2013
Kristne under åtak i Lahore, Pakistan
I
Pakistan bur kristne i eigne områder, gettoar, om du vil. Som vanleg tok det fyr i muslimane etter at ein kristen skulle ha kome med blasfemiske uttalar. Ein ung kristen, Sawan Masih, hadde hamna i ein heftig diskusjon med
ein muslimsk ”ven”. Han
vart meldt for blasfemi, og så var det heile i gong. Bustadhus, kyrkjer, og forretningar vart brent ned og
utsette for herjing.
Bøn: Herre
Jesus! Dine små søsken betalar ein høg pris for trua si
i Pakistan. Hjelp dei slik at dei ikkje hemnar seg, men av hjarta tilgjev motstandarane sine. Så ber eg om
at du gjennom di verdsvide kyrkje skal erstatta alle tapa deira så langt det let seg gjera. Skap eit sterkt engasjement for desse kristne over heile verda slik at dei får oppleva solidaritet og
praktisk kjærleik.
Kjelde: Voice of the Martyrs (persecution.net)
Hausafolket i Nord-Nigeria
•Det er 362000 av denne spesielle delen av hausafolket.•Dei er bønder.•Strengt muslimsk•Språk: Hausa•Bibelen er tilgjengeleg i tekst og lyd•Jesusfilmen tilgjengeleg •Absolutt unådd folk
•Jesus,
du som elskar hausafolket og som
bar alle syndene deira med deg opp på krossen, aus Anden ut over dei slik at dei forstår at dei ikkje kan bli rettferdige
for Gud ved lovgjerningar, men berre ved å tru på deg og
ditt fullbrakte verk. Lat det veksa fram ei kristen kyrkje mellom dette hausafolket som kan representera eit himmelsk lys i denne
kulturen.
fredag 15. mars 2013
Brasil
- Takk Gud for ein fantastisk vekst for evangeliske kyrkjer dei siste tiåra. Det er innhaustingstid i Brasil.
- Brasil er blitt ein av dei nasjonane som sender ut flest misjonærar til andre land. Takk Gud for denne misjonsrørsla, og be om at brasislianske misjonærar skal få tena i Guds kraft.
- Be om at elden breier seg til alle lag av folket, også til overklassen som lever isolert og utilgjengeleg for vanlege folk.
- Be om at dei evangeliske kyrkjene vert meir medvitne i å syna omsorg for fattige og lidande. Kyrkjene treng å etablera sosiale program for å reflektera Guds hjarta på ein truverdig måte.
- Be om at menneskehandel knytt til prostitusjon og narkotikatrafikk skal ta slutt, at vonde menneske skal bli stoppa i dei vonde planane sine.
- Be om utfriing og nytt liv for dei mange narkomane.
- Be om eit oppgjer med promiskuiteten, og at folket skal elska Guds bod og læra seg å leva reint på det seksuelle området. HIV/AIDS er svært utbreidd i Brasil.
- Be om at korrupsjon og uærlegdom skal ta slutt i politikk og næringsliv, at Guds Ande skal læra brasilianarane å elska sanninga og hata løgna.
- Be om Guds nærvær og vern over alle gatebarn i dei store byane
- Be om at det høge aggresjons og valdsnivået i samfunnet skal bli redusert, og om Guds fred til menneska.
- Be om at flaumen av kriminalitet som pregar samfunnslivet skal ta slutt, at evangeliet skal omforma menneska slik at dei elskar rett og rettferd
- Be om at Guds rike skal koma, at Guds vilje skal skje og at Brasil vert velsigna med godt leiarskap som kjenner vegen til det gode for folket.
torsdag 14. mars 2013
Kristne egyptarar i libyisk fengsel
Kristen egypter døde i fengsel
Stefanusalliansen sendte i forrige uke ut en appell for fire kristne egyptere som ble arrestert i Benghazi i Libya i februar, anklaget for litteratur-evangelisering overfor muslimer. De fire er blitt mishandlet i fengselet. Dessverre døde en av dem i går 10. mars. Ezzat Hakim Atalla Abdel-Malak hadde klaget over sterke brystsmerter og ble sendt til sykehus sist onsdag, men ble returnert til fengselet samme dag. Tilstanden hans bedret seg ikke, og han døde søndag morgen. Det er ikke bekreftet om dødsfallet skyldes mishandlingen.
Dette er svært triste nyheter for Abdel-Malaks kone, men også for de andre i fengselet og for deres familier. En annen av egypterne, Sherif Ramsis Gad Mechaeal, har også sterke smerter i brystet.
Utenom de fire egypterne ble også en sørafrikaner, en koreaner og en svensk-amerikaner arrestert. Disse tre behandles relativt bra, mens egypterne har fått liten oppmerksomhet og blir mishandlet. Egypterne har fått høre at de skal stilles for en militær domstol veldig snart og at de kan dømmes for spionasje.
Vær med og be om løslatelse for alle disse seks snarest. Du kan også være med og sende appellbrevet til libyske myndigheter, hvis du ikke allerede har gjort dette. Klikk på lenken nedenfor: «Les mer og send appellbrevet».
- Be for kona til Abdel-Malak og hans øvrige familie
- Be om beskyttelse for de andre som sitter i fengsel, spesielt for egypterne, og for deres familier
- Be om at alle seks skal løslates snarest
- Be om at de egyptiske arresterte skal få like mye oppmerksomhet og støtte som de tre andre
- Be om at appellen som sendes til libyske myndigheter, skal medvirke til at de blir løslatt
Kjelde: Stefanusalliansen
Les mer og send appellbrevet
Stefanusalliansen sendte i forrige uke ut en appell for fire kristne egyptere som ble arrestert i Benghazi i Libya i februar, anklaget for litteratur-evangelisering overfor muslimer. De fire er blitt mishandlet i fengselet. Dessverre døde en av dem i går 10. mars. Ezzat Hakim Atalla Abdel-Malak hadde klaget over sterke brystsmerter og ble sendt til sykehus sist onsdag, men ble returnert til fengselet samme dag. Tilstanden hans bedret seg ikke, og han døde søndag morgen. Det er ikke bekreftet om dødsfallet skyldes mishandlingen.
Dette er svært triste nyheter for Abdel-Malaks kone, men også for de andre i fengselet og for deres familier. En annen av egypterne, Sherif Ramsis Gad Mechaeal, har også sterke smerter i brystet.
Utenom de fire egypterne ble også en sørafrikaner, en koreaner og en svensk-amerikaner arrestert. Disse tre behandles relativt bra, mens egypterne har fått liten oppmerksomhet og blir mishandlet. Egypterne har fått høre at de skal stilles for en militær domstol veldig snart og at de kan dømmes for spionasje.
Vær med og be om løslatelse for alle disse seks snarest. Du kan også være med og sende appellbrevet til libyske myndigheter, hvis du ikke allerede har gjort dette. Klikk på lenken nedenfor: «Les mer og send appellbrevet».
- Be for kona til Abdel-Malak og hans øvrige familie
- Be om beskyttelse for de andre som sitter i fengsel, spesielt for egypterne, og for deres familier
- Be om at alle seks skal løslates snarest
- Be om at de egyptiske arresterte skal få like mye oppmerksomhet og støtte som de tre andre
- Be om at appellen som sendes til libyske myndigheter, skal medvirke til at de blir løslatt
Kjelde: Stefanusalliansen
Les mer og send appellbrevet
onsdag 13. mars 2013
Bosnia Herzegovina
I dag ber me for Bosnia Herzegovina, at folk finn fred med Gud og kvarandre ved trua på Jesus Kristus.
At nasjonale kristne vert reiste opp for evangelisering
Om einskap og samarbeid mellom utanlandske misjonsselskap
Om nasjonal einskap og forsoning
Om ei bølge av lækjande nåde over menneska.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...