Domen fall i slutten av juni i ein revolusjonsdomstol i Teheran. Ut frå dokumenta er Mostafa Bodbar dømt for å ha støtta sionismen (alle evangeliske kristne blir rekna som vener av Israel), for å ha late seg døypa og dermed konvertert frå islam til kristen tru, distribuert kristen litteratur (12000 evangelieskrifter), for å ha omsett og dubba fem filmar med kristent innhald, for medlemskap i ei huskyrkje, for å ha halde kristne møter i fleire byar, sendt kristne bøker til ein ven, hatt kontakt med kristne i Tyrkia og Armenia, for å ha lagra 6000 kristne bøker og anna evangeliseringsmateriell i sitt eige hus og for å ha feira jul saman med vener. Alt dette vert vurdert som ein nasjonal tryggleiksrisiko av iranske styresmakter.
"Herre
Jesus! Gje Mostafa Bordbar alt han
treng av styrke, trøyst og vern. Hjelp han å
ha blikket festa på deg slik at han ikkje misser motet når han tenkjer på den lange domen og møter alskens problem, men blir ståande fast i trua. Fyll hjarta hans med glede og
fred, og lat han få ord frå deg under forhøyr slik at han kan vitna om di frelse for domarar og andre autoritetar. Må fengslet han sit i bli fylt av ditt
lys, og fangar av alle kategoriar koma til tru på deg.
Hjelp dei kristne i Evinfengslet til å finna måtar å halda kontakt med kvarandre på, og når din time
er inne, må du opna dørane for dei slik at Mostafa Bordbar og alle dei andre kan gå ut i fridom."
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar