Viser innlegg med etiketten Lahore. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lahore. Vis alle innlegg

tirsdag 25. september 2018

Pakistan

I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den dominerande religionen. 2,35% kristne. 0,6% evangelisk kristne. Fleritalet av dei kristne er romersk katolske. 




Dei kristne bur stort sett for seg sjølv i eigne distrikt, og det er ein beinhard religiøs apartheid i landet.
Hovudstad er Islamabad.
Dei største byane: Karachi og Lahore.

Pakistan vekslar mellom å vera styrt av ineffektivitet og korrupte politiske parti og eit autoritert militærdiktatur.  Makt og velstand er konsentrert på all for få hender. Dette hindrar sosial og økonomisk utvikling i landet. Landet står overfor eit kraftig press frå  islamistar i vest (Afghanistan og frå Punjabprovinsen), og frå India i Kashmir.

Det har nyleg vore presidentval i landet, og den gamle populære cricketstjerna Kahn har gjeve seg sjølv 100 dagar på å ordna opp i landet sine problem, noko som vel fortel meir enn nok om dømekrafta til den mannen.


  • Pakistan er prega av eit høgt valdsnivå. Be om at Gud frir landet frå den ånd som skaper lovløyse og vald, og som lenkar det fast til løgn og urett.
  • Be om at Kahn skal skipa ei regjering som i det minste vil bevega nasjonen framover. 

Kyrkja i Pakistan har for det meste medlemmer frå dei kastelause i landet, og frå Sindhfolket som er hinduistisk. Nesten ingen pakistanske muslimar er vunne for Kristus av pakistanske kristne. 

  • Be om at desse skal reisa seg, rista av seg sosial skam og stolt forkynna evangeliet for sine medborgarar frå høgare sosiale lag. 
  • Be om vern for dei truande. Det er lett å få ein fatal blasfemianklage mot seg. 
  • Be om fridom for Asia Bibi, Imran Gafhur og andre som sit fengsla på livstid for trua si. 
  • Mange muslimar frå høgare kastar har kome til tru dei siste åra gjennom TV-sendingar og personlege openberringar. Det er få å disippelgjera dei. Be om at Gud skal senda dei lærarar med kompetanse som kan føra dei inn i eit sigrande Kristusliv. 
  • Dei fleste av dei 393 folkegruppene er unådde. Men Guds arm er ikkje for kort til å frelsa. Be om at det skal gå ein mektig vind av evangelisering og misjon over heile landet som bringer Guds lys inn i kvar einaste avkrok der det finst folk. 
  • Be spesielt for desse unådde folkegruppene:
    • Punjabi på Indussletta
    • Pashtun i grenseområdet mot Afghanistan. Det er frå denne gruppa Taliban har sitt utspring
    • Folkeslag som snakkar seraki
    • Shindhifolket som er mellom dei fattigaste og minst evangeliserte folka i verda.
    • Baluchane i Baluchistan i sørvest mot Iran.
    • Mohajarane. Mange lever i Karachi. 
    • Fjellfolka i nord
  • Karachi har dobbelt så mange innbyggjarar som offisielt er oppgjeve. Byen er kaotisk, og alle typar kriminalitet florerer, inkludert menneskehandel. Be om Guds mektige intervensjon. 
  • I Pakistan er det nærast 2 millionar afghanske flyktningar. Be om at Gud må verna dei mot alle typar overgrep, senda sine vitner til dei og opna himmeldøra for dei. 
  • Det er 4 millionar ahmaddiyamuslimar i Pakistan. Dei er stolte over religionen sin og vanskelege å nå. Be om at Gud må rysta grunnvollen for trua deira, gjera dei usikre og føra dei inn på fast grunn, på Kristusfjellet. 
  • Landet har ein ung befolkning. Be om at dei unge må oppdaga håpet i Kristus.
  • 75% av befolkninga er analfabetar. Be om at skulevesenet må opp og gå, at det skal vera eigne skular for kristne barn, at lesedugleiken må på plass slik at unge kan vera i stand til å møta utfordringane frå ei moderne verd, og vera i stand til å lesa og studera Guds dyrebare ord. 
  • Be om at pakistanarar som har emigrert til omtrent alle verdas land må finna Kristus i dei landa dei har reist til, og at dei må leva som rettskafne menneske, og ikkje slå seg saman i forbryterske mafiagjengar, som dei har så lett for å gjera.
  • Be om at kristne radio og TV-program skal ha stort nedslagsfelt i befolkninga, likeeins alle forsøk på å nå ut via internett.

torsdag 19. mars 2015

17 kristne drepne i bombeåtak mot to kyrkjer i Lahore, Pakistan

17 kristne vart drepne og 80 stygt skada som eit resultat av islamistisk (pakistansk taliban) terror mot ei katolsk og ei protestantisk kyrkje i Lahore søndag 15. mars. I samband med gudstenestefeiring sprengde to sjølvmordsbombarar seg sjølve i lufta og tok altså mange truande med seg i døden. Dette er førebels det siste åtaket av mange mot kristne i dette området av Pakistan.




Kjære Herre Jesus! Takk at våre søsken trufast samlar seg til gudsteneste i Pakistan trass i alle trugsmål som vert retta mot dei. Me ber enno ein gong om at frykten ikkje skal ta overhand i liva deira, og at du fyller dei med den kjærleiken som driv frykten ut. Gjer dei enkle som duer og kloke som slangar. Så ber me om at du tek kontroll over islamistane og stansar dei i deira ville ferd mot nye øydeleggingar og den evige fortapinga. Frels sjelene deira i ditt eige namn. Send ei massiv kristen vekking over Pakistaan, og forvandla landet med din Ande. Ver med og trøysta alle som mista ein eller fleire av sine kjære på søndag, og me ber om at du skal berga liva til alle som er hardt såra etter åtaket. Amen!

mandag 18. mars 2013

Kristne under åtak i Lahore, Pakistan


I Pakistan bur kristne i eigne områder, gettoar, om du vil. Som vanleg tok det fyr i muslimane etter at ein kristen skulle ha kome med blasfemiske uttalar. Ein ung kristen, Sawan Masih, hadde hamna i ein heftig diskusjon med ein muslimsk ”ven”. Han vart meldt for blasfemi, og så var det heile i gong. Bustadhus, kyrkjer, og forretningar vart brent ned og utsette for herjing. 
Bøn: Herre Jesus! Dine små søsken betalar ein høg pris for trua si i Pakistan. Hjelp dei slik at dei ikkje hemnar seg, men av hjarta tilgjev motstandarane sine. Så ber eg om at du gjennom di verdsvide kyrkje skal erstatta alle tapa deira så langt det let seg gjera. Skap eit sterkt engasjement for desse kristne over heile verda slik at dei får oppleva solidaritet og praktisk kjærleik. 
Kjelde: Voice of the Martyrs (persecution.net)


Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...