Angola ligg sør for ekvator, på Afrikas vestkyst.
Folketal: 18 mill
Areal: 1,246700 kv.km.
Religion: over 17 millionar kristne. 4 millonar av dei er evangeliske.
Kristendomen veks med 3% årleg (folketalsvekst), dei evangeliske kyrkjene med 4%.
Hovudstad: Luanda
Gamal portugisisk kolonoi som vart sjølvstendig i 1975. 27 år med påfølgande borgarkrig har gjort nesten uboteleg skade på infrastrukturen, og landet er fullt av udetonerte landminer.
Sosialistane som kom til makta i 1975 hadde utsletting av kristendomen på programmet.
Etter den tid har talet på kristne firedobla seg.
Dei fleste kristne i landet tilhøyrer den romersk katolske kyrkja, og dei fleste er nominelle.
Synkretismen er stor både når det gjeld lære og praksis.
Angola har utvikla seg til å bli ein stor oljenasjon, og det har ført til ny økonomisk utvikling.
Landet er rikt på mineraler og andre naturressursar
Fattigdomen er likevel ekstrem mellom vanlege folk.
Språk: Portugisisk. Totalt: 41. 33 bibelspråk (2010)
Gode Gud! Me ber om at du skal skapa full forsoning mellom dei som i så mange år forsøkte å ta livet av kvarandre.
Me ber om at kyrkja di skal vera varm, vital og kraftfull.
Me ber om kristen einskap.
Me ber om at kyrkja di skal bli reinsa frå synkretisme, trolldom og skammelege synder
Me ber om gode nasjonale og lokale leiarar i kyrkja di
Me ber om at folk skal bli kvitt demoniske makter som villeier og plagar dei.
Me ber om at dei unådde folkeslaga i landet skal bli nådde med evangeliet
Me ber om at dei nye rikdomane skal koma landet til gode, og bli fordelte rettferdig.
Me ber om rettsindige og gudfryktige leiarar.
Me om at alle korrupte leiarar skal bli fjerna frå stillingane sine.
Me ber om eit godt utdanningssystem for dei unge.
Me ber om eit godt helsevesen for dei sjuke og skadde
Me ber om at alle landminer skal bli funne og uskadeleggjort
Amen!
Kjelder: Operation World og Prayercast
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
onsdag 15. februar 2017
mandag 30. januar 2017
Nabeel Qureshi råka av kreft
Forfattaren av den glitrande boka "Seeking Allah, finding Jesus" som kom ut i 2014, Nabeel Qureshi, har fått kreft. Han er svært open om dette på Twitterkontoen sin.
Nabeel Qureshi var amadiyamuslim. Foreldra var frå Pakistan, men emigrerte til USA då Nabeel var barn. Dei var slike mennesker som tok trua si svært alvorleg, noko som dei vidareførte til barna sine. Nabeel utvikla seg til ein muslimsk apologet. Men Gud hadde andre planar for den unge mannen. Gjennom sitt nære venskap med den kristne David (i mange år hadde dei venlege, og stundom stormfulle, diskusjonar om kristendomen og islam), og etter grundige studier av Hadith, bøkene om Muhammeds liv, kom han til slutt fram til den for han vanskelege konklusjonen at han måtte forkasta Muhammed til fordel for Jesus. Det vart ikkje plass til dei begge, og det han las om Muhammeds liv, det som muslimane kallar "den levande Koranen", skremde han, medan det han las om Jesus og hans liv, verka så rett og tiltrekkande på han. Han vart kristen, og har etter den tid jobba saman med den kjende indiske apologeten Ravi Zakkarias.
No ber han om forbøn, og me stiller gjerne opp for denne unge mannen.
Herre! Du har frelst denne mannen og kalla han til teneste for deg. Me trur du har planar om å velsigna mange menneske gjennom hans forfattarskap og undervisning i mange år enno. Denne verda har bruk for hans vitnemål, intellekt og åndelege utrustning, og me ber i ditt eige namn om at du skal berga livet hans og lækja kroppen hans. Amen!

tirsdag 24. januar 2017
Indisk evangelist råka av alvorleg hjerneblødning etter langvarige politiavhøyr
K A Swamy (47) jobbar som ingeiør i den indiske byen Hyderabad i delstaten Telangana (kart). Han er ein djupt overtydd kristen, og brukar fritida si på å spreia biblar og annan kristen litteratur for Gideon bibelselskap. Mange gongar har han vore arrestert og teke inn til avhøyr. Slik også den 21 januar då han evangeliserte i nærleiken av eit hindutempel i byen. Ein gjeng med sinte hinduar greip tak i han og førte han til politistasjonen. Dei meinte at han hadde brote "anti-konverteringslova" som gjeld i delstaten.
Swamy vart avhøyrt i seks timar, og denne gongen vart påkjenninga for stor for han. På vegen heim frå politistasjonen fekk ein kraftig hjerneblødning. Swamy ligg framleis i koma og blir behandla på eit lokalt sjukehus. Kona hans Sujatha ber oss alle om å be for mannen hennar, og med dette er oppfordringa gjeven. Be om at Herren Jesus skal koma til han, berøra han og lat si lækjande kraft strøyma inn i kroppen hans
Dei siste åra har det vore aukande forfølging av kristne i India, truleg som eit resultat av at mange, særleg kastelause, no vender seg til Kristus med liva sine. Dei radikale hinduistiske gruppene ser i aukande grad kristendomen som eit trugsmål mot indisk religion og kultur, og vil gjerne stoppa den kristne vekkinga med makt, og India har dette siste året klatra til 15.plass på Opne Dører si World Watch List som rangerer dei 50 nasjonane i verda der forfølging av kristne er verst.
Be om at vekkjinga i Inda skal gå fram med uforminska styrke i tida som kjem, ja, med større kraft enn verda nokon gong har sett i dette landet.
Kjelde: World Watch Monitor
lørdag 21. januar 2017
Ei bøn for Noreg etter ei presidentinnsetjiing
I går vart Donald Trump innsett som president i USA. Det kjem til å føra til store endringar i heile verda. Trump har signalisert at han vil driva ein beinhard proteksjonistisk politikk, fysisk stenga grensa mot Mexico og innføra høge tollmurar mot import. Han spør seg om NATO er liv laga, vil søkja nær kontakt med Vladimir Putin og Russland og letta på handelsboikotten mot dette landet etter at det invaderte deler av Ukraina. Dette er svært urovekkande signal for oss i Noreg som i årevis har basert vår tryggleik på at USA vil beskytta oss mot Russland. Den tida kan vera over no, og før me veit ordet av det, vil me enno ein gong kjenna eit desperat behov for å søkja hjelp hos Gud meir enn hos menneske. Difor denne bøna no.
Vår Herre Jesus Kristus! DU er Messias, den levande Guds Son, du har stått opp frå dei døde og du regjerer over himmel og jord. Men me har snudd ryggen til deg, og har gjennom mange år satsa på feil hest, me har stolt på oss sjølve, på oljerikdomen vår og på USA. Me innser no at dette er usikker is å gå på, og me ber deg om å tilgje oss vårt hovmot og vår sjølvgodheit, du som er vårt lands einaste opphav og sanne Gud. Frels oss frå oss sjølve og gje oss sann omvending, tru og gudsfrykt attende. Sjå bort frå kva me har fortent, sjå i nåde til oss og ta oss inn i din varme, for ditt namn skuld. Amen!

Iransk konvertitt blir sendt ut frå Island
Islandske styresmakter har bestemt at Morteza Songal Zadeh skal sendast ut av landet. Morteza konverterte til kristendomen medan han var i Iran, og fekk 74 piskeslag der for ikkje å ha fasta under Ramadan, og skal seinare ha blitt dømd til døden for å ha forlate islam. Han klarte å flykta frå Iran til Frankrike, og vidare derifrå til Island, og blir no, sidan Island har slutta seg til Dublintraktaten, sendt attende til Frankrike. Der vil han ganske sikkert bli returnert til Iran. Det kan me gå ut frå sidan Europa no kun tek imot flyktningar frå det krigsherja Syria.
Be for Morteza, at den Gud som har kalla han og frelst han, også skal verna han og leida han etter sin gode plan og vilje.
Dagens unådde: Narafolket i Eritrea
Folketal: 123000. Religion: Islam. Lokalisering: Nordvest på grensa mot Sudan.
Språk: Nara. Det finst ingen kristne ressursar tilgjengeleg på nara. Det finst arkeologiske spor etter narafolket mange hundre åt attende i tid. Dei har vore sårbare. Både sudanesarar og arabarar har fanga og selt dei som slavar. No er det ikkje lenger så mange att av dette historiske folket. Det er eit lyspunkt: Så pass mange av dei kjenner Jesus at dei skal kunne gjera han kjent for frendane sine.
Gode Jesus! Me takkar deg for dei i narafolket som trur på deg, og me ber om at du må setja mot i dei, styrka dei og utrusta dei med kraft frå det høge slik at dei kan vera uimotståelege vitne om di oppstode i sitt eige folk. Me gleder oss til å høyra om at heile narafolket har bøygd seg for deg og at sannar at du, og du åleine, er Herre i deira liv. Amen!

tirsdag 10. januar 2017
Dagens unådde: Rakhine i Burma
Rakhinefolket (2 717 000) er buddhistar. Historisk har dette folket livnært seg av sjørøveri. No er det vel meir fiske og meir fredleg sjøfart det går i. Dei er tjukkhuda buddhistar og vanskelege å nå med evangeliet. Men nokre kristne der det likevel mellom dei. Språk: Rakhine.
Gode Gud!
Sjå i nåde til rakhinefolket. Styrk dei få kristne mellom dei med din Ande, bevar dei i trua på Jesus, hjelp dei å halda saman, set mot i dei og utrust dei til å nå frendane sine med evangeliet. Må ditt lys fløyma innover liva deira, avsløra synd og vekka dei til å ta avstand frå egoisme, grådigehit, uærlegdom og sjølvhevding, og skapa i dei ei lengsle etter å bli reine og heilage innfor Gud. Løys dei frå buddhismens falske læresetningar, før dei gjennom omvendinga sin tronge port og inn himmelrikets vide port. Me ber i Jesu namn, amen!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Keep the faith alive in me
Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Kong Harald 1937-2026 Gode Far i himmelen! Takk for alt du gav oss nordmenn gjennom kong Harald. Han var så omtenksam, humørfylt, trufast,...