Viser innlegg med etiketten Hyderabad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hyderabad. Vis alle innlegg

tirsdag 24. januar 2017

Indisk evangelist råka av alvorleg hjerneblødning etter langvarige politiavhøyr

K A Swamy (47) jobbar som ingeiør i den indiske byen Hyderabad i delstaten Telangana (kart). Han er ein djupt overtydd kristen, og brukar fritida si på å spreia biblar og annan kristen litteratur for Gideon bibelselskap. Mange gongar har han vore arrestert og teke inn til avhøyr. Slik også den 21 januar då han evangeliserte i nærleiken av eit hindutempel i byen. Ein gjeng med sinte hinduar greip tak i han og førte han til politistasjonen. Dei meinte at han hadde brote "anti-konverteringslova" som gjeld i delstaten.
Swamy vart avhøyrt i seks timar, og denne gongen vart påkjenninga for stor for han. På vegen heim frå politistasjonen fekk ein kraftig hjerneblødning. Swamy ligg framleis i koma og blir behandla på eit lokalt sjukehus. Kona hans Sujatha ber oss alle om å be for mannen hennar, og med dette er oppfordringa gjeven. Be om at Herren Jesus skal koma til han, berøra han og lat si lækjande kraft strøyma inn i kroppen hans

TelanganaMange statar i India har lover som forbyr kristne å forsøka å omvenda hinduar, og fleire diskuterer å innføra slike lover som undergrev §18 i Menneskerettsfråsegna.

Dei siste åra har det vore aukande forfølging av kristne i India, truleg som eit resultat av at mange, særleg kastelause, no vender seg til Kristus med liva sine. Dei radikale hinduistiske gruppene ser i aukande grad kristendomen som eit trugsmål mot indisk religion og kultur, og vil gjerne stoppa den kristne vekkinga med makt, og India har dette siste året klatra til 15.plass på Opne Dører si World Watch List som rangerer dei 50 nasjonane i verda der forfølging av kristne er verst.

Be om at vekkjinga i Inda skal gå fram med uforminska styrke i tida som kjem, ja, med større kraft enn verda nokon gong har sett i dette landet.
Kjelde: World Watch Monitor

onsdag 29. juni 2016

Andra Pradesh, India

Andra Pradesh ligg sør-aust i India. Det er ein stor delstat med eit flatemål på 277000 km2 og eit folketal på 88 millionar. Hovudstaden er Hyderabad med 4 mill innbyggjarar. 88,5% snakkar telugu, 8,2% urdu (muslimane). Berre 0,1% hindi. (I den seinare tida er staten delt i to med Telangana i nord, men Hyderabad er hovudstad i begge statar)
89% er hinduar, 9,2% muslimar og 1,6% (offisielt, men det reelle talet er nok langt høgare, kanskje 9%) kristne. Grunnen til dei usikre tala vedrørande kristne, er at dei som blir evangelisert stort sett er dalitar (kastelause). Desse er etter indisk tradisjon "undermennesker" som ikkje blir telt. Dalitane blir grovt trakka på, og når dei blir kristne, er det ikkje uvanleg at hinduar skremmer dei attende til hinduismen. Då forstår me at det er vanskeleg å finna pålitelege tal her.

Hyderabad er ein moderne by som veks fort, og han er ein nøkkelby for kristen misjon i India. Nærare 200 kristne organisasjonar har base her. Men også deccamuslimane i sør- India har hovudsete sitt her. 40% av byen er islamsk. Dei mange kristne i byen gjer svært lite for å nå muslimane med evangeliet om Jesus.

  • Be om at dei kastelause som kjem til tru på Jesus må bli rotfesta og stabilisert i trua.
  • Be om at dei skal bli alfabetisert slik at dei kan lesa Bibelen sjølve, og leggja eit fundament for å skaffa seg ny kunnskap og utdanning.
  • Be om skular for dei barna deira. 
  • Be om at Jesus må bli kjent, trudd og elska mellom hinduane, og at det falske kastesystemet skal smuldra bort
  • Be om at dei mange innvandrarane og pilgrimaen som kjem til Hyderabad må bli møtt med evangeliet om Jesus Kristus
  • Be om at Gud skal utrusta og senda kristne til den store muslimske befolkninga i byen, og at muslimane skal bli vunne gjennom eit møte med Jesu allmakt. 
Hindutemper i Andra Pradesh




Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...