fredag 6. juni 2014

Dagens unådde folkeslag: Tukulorfolket i Gambia


Tukulorane er spreidd utover mange land i Vest-Afrika. Det er totalt 1 533 000 av dei, men berre 6500 i Gambia. Dei snakkar eit språk som heiter pulaar.

Tukulorimperiet vart etablert som eit muslimsk teokrati i Vest-Afrika i det 19. hundreåret. Det strekte seg frå Senegal til Timbuktu, hovudstaden i dagens Mali. Folket er delt inn i 4 samfunnsklassar og 12 kastar. Kvar klasse og kaste har ein klårt definert posisjon i samfunnet. Folket har ein sterk muslimsk identitet. Det nye testamentet er omsett til pulaar, Jesufilmen er tilgjengeleg og dessutan NT i lydformat. Du kan lesa meir om dei på www.joshuaproject.net.

Bøn:
Herre Jesus! Det finst ingen bastion som er så sterk at ikkje du kan innta han, og me ber, riv ned alle religiøse festningsverk tukulorane gøymer seg bak og som hindrar dei i å bli frelst. Vekk i dei ein trong etter å lesa Det nye testamentet. Må gode og åndsfylte evangelistar koma til dei og dela evangeliet med dei, og lat under og teikn og mektige gjerningar skje der evangeliet blir forkynt. Må det bli grunnlagt ei vital og kraftfull tukulorkyrkje som vil lysa opp heile Vest-Afrika. Amen.

Global bønedag 2014. Dag 9



Herre Jesus Kristus, me ærar deg, for du er Lammet som vart slakta for oss.
Saman med alle i himmelen lova me deg og seier: "Verdig, verdig, verdig er du til å få makt, rikdom og visdom og styrke og ære og velsigning!"
Du har forløyst oss, og med ditt eige blod  kjøpt oss til Gud frå alle stammer og språk og folk og nasjonar.
Me ærar deg for tilgjevinga i ditt blod, og for den krafta som blodet har til å reinsa oss frå all synd.
Takk at du rettferdiggjer oss slik at djevelens klagemål mot oss blir totalt annullerte.
Må blodet ditt helga oss og vigsla oss slik at me blir i stand til å gå inn i det himmelske og sigra over Satan og all hans makt.
Styrk og inspirer oss til å leva slik som dine disiplar skal.
Fri oss frå vantru, og fyll hjarto våre med tru slik at me kan sigra over syndene våre, dei kjøtlege lystene me har og over alle freistingar som me møter.
Me vil æra deg med liva våre, slik at menneska kan sjå og kjenna at det ikkje finst noko anna namn under himmelen som dei kan bli frelste ved utan om namet Jesus Kristus.
Amen!

torsdag 5. juni 2014

Khmu, Puman i Kina

Pumanfolket lever i Yunnanprovinsen i Kina. Dei  tel berre 22000 menneske, snakkar eit språk som berre vert kalla U-språket, og er overgjevne buddhistar (theravada). Dei er ein del av den store etniske gruppa Mon-Khmer som er å finna over store deler av sør-aust-Asia, og me må rekna dei som heilt unådde. Få kristne har nokon gong tenkt på å bringa evangeliet til pumanfolket, men det finst enkelte lydspor av Bibelen på U-språket. Det er ein forteljatradisjon mellom dei om ein frelsar som ein dag skal koma og setja alt i rett skikk.
 
 Bøn:  
Gode Gud! Du har sagt at menneske frå alle stammer, folk og tungemål skal samlast for di trune i himmelen. Me ber om at pumanfolket no skal haustast inn i ditt rike, at dei skal få vaska kjortlane sine og gjera dei kvite i blodet frå Lammet. Må dei forstå at dei er elska av deg, at syndene deira skiljer dei frå deg og at dei vert frelst berre ved trua på Jesus Kristus, og når evangeliet ein dag blir forkynt for dei, må du Heilage Ande hjelpa dei å identifisera Jesus  som oppfyllinga av løftet om ein frelsar som dei har frå dei gamle forteljingane sine. Du er ein Gud som kjem. Kom til pumanfolket no. Må dine tenarar fatta interesse for dei,  finna dei der dei bur, læra språket og kulturen deira og dela dei gode nyheitene med dei. Amen! 

GDP 2014, dag 8



Vår Herre Jesus Kristus, kor vidunderleg å vita at me har deg som gjetar. Du gav livet ditt for oss.
Gjennom deg er alle syndene våre tilgjevne, og du har gjeve oss det evige livet.
Ditt ord nærer vår ånd, og det er ein lampe som syner oss kor me skal gå.
Du lova at du aldri ville forlata oss eller svikta oss.
Me overgjev oss sjølve i dine hender.
Før oss til dei grøne grasslettene og dei fredfulle vatna.
Forfriska sjelene våre og gje oss kvile.
Før oss på rettferds stigar for ditt namn skuld.
Og når me må gå i dødsskuggens dal, hjelp oss å ikkje bli redde, men stola på at du vernar oss med din kjepp og din stav.
Ja , du sa at du ville dekka bord for oss like framfor augo på våre fiendar, og at du ville salva oss med olje.
Me vil bu i ditt hus og i Fars hus gjennom alle tider!
Tilgje oss for alle dei gongane me har stått deg imot, spotta stemma di og gått på våre eigne egoistiske vegar.
Bring forsoning mellom dei mange flokkane dine, og gjer oss til èin flokk under èin gjetar.
Ta vare på oss og hjelp oss å slå oss i lag med deg for å leita opp dei fortapte, slik at dei også kan erfara din kjærleik, miskunn og omsorg.
Amen!

onsdag 4. juni 2014

Global Day of Prayer. 10 dagar før pinse. Dag 7



Herre Jesus Kristus!
Du har åtvara oss om at lovløysa skal auka, at kjærleiken skal kolna hos mange, og at det vil vera mange som vil prøva å føra oss vill.
I vår generasjon treng me, meir enn nokon gong, å vera i stand til å skilja mellom kva som er sant og kva som er løgn.
Gje oss som kyrkje gåva til å skilja mellom sanning og løgn.
Hjelp oss å fokusera på dei oppgåvene du har gjeve oss, å forkynna at omvending og tilgjeving for synd er tilgjengeleg for alle nasjonar, å forkynna evangeliet om Riket, å opna dei vantruande sine augo slik at dei kan venda om frå mørkre til lys, og frå Satans makt til Gud.
Helga oss og fornya sinna våre, så me kan kjenna kva som er din vilje.
Granska hjarto våre, prøv oss og kjenn tankane våre, og gjer det klårt for oss dersom me går på vonde vegar.
Reins kyrkja di frå alle hemmelege synder.
Hjelp oss å tilbe i ånd og sanning.
Gje oss visdom og medkjensle slik av me kan overtyda, irettesetja og audmjukt formana andre til å syna Herren age.
Når me no tek vår posisjon i denne verda, går me imot mørkers makt, me proklamerer at du har avvæpna dei og har gjeve oss makt over alt fiendens velde.
Me ærar deg som vegen, sanninga og livet.
Amen!

Hellas


I Hellas bur det vel 11 mill menneske. Dei aller fleste tilhøyrer den ortodokse kyrkja. Det er berre 41000 evangeliske kristne der.
Hellas har vore, og er, i ei massiv økonomisk, moralsk og åndeleg krise. Folk flest er synkretistiske i trua si og blandar saman kristendom, overtru, og ulike reine heidenske førestellingar, og dei lever sekulært. Levande rein Jesustru er sjeldan vare i Hellas.

Kristendomen i Hellas går heilt attende til apostelen Paulus. Landet har ein rik åndeleg arv, og djupe røter i den kristendomen. Det er ikkje eit poeng å gjera grekarane til protestantar, men det er viktig at dei møter Jesus og blir frelst.

Elles er Hellas moderlandet for den moderne europeiske sivilisasjonen. Antikkens filosofar, arkitektar, kunstnarar og statsbyggjarar har sett sitt uutslettelege preg på verda for all ettertid.

Bøn: Herre Jesus Kristus! Me ber om at du skal revitalisera den rike åndelege arven som grekarane har. Må prestane forkynna evangeliet til frelse for dei som lyttar. Fjern alle okkulte trekk i den ortodokse kyrkja slik at ditt ord kan lyda med reine tonar for folket. Må dei evangeliske leva fylte av Andens kraft og i einskap med kvarandre, slik at Guds rike også kan koma til Hellas gjennom dei. Læk folket og landet åndeleg, moralsk og økonomisk, og lær dei å vera milde mot dei mange flyktningar og innvandrarar som bankar på dørane deira. Velsign Hellas for ditt namn skuld. Amen! 


Palaungfolket i Myanmar (Burma). Det "gylne" folket.


Dette folket tel i følgje Joshuaproject.net 206 000 menneske. Dei er buddhistar, men blandar tradisjonell animisme inn i religionen sin. Dei brukar mykje tid og krefter på å blidgjera åndene dei har rundt seg. Ingen bibeldel er omsett til språket deira.

Bøn: Gode Gud og Far! Du som elskar dette folket slik at du sende Sonen din einborne til verda for at dei ved å tru på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv, send Den heilage ande og ditt dyrebare ord til dei slik at frelsesgåva kan bli dei til del. Må di kyrkje bli etablert i Palaungfolket som eit sterkt himmellys i eit mørkt område. Løys dei frå alle vonde ånder som bind dei under djevelens dom.


Dagens nasjon: Mosambik

  Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske.  Hovudst...