Viser innlegg med etiketten buddhistar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten buddhistar. Vis alle innlegg

fredag 28. august 2015

Dagens unådde: Dakpa i Bhutan

Dakpafolket er ei lite folkegruppe. Dei tel kun 5700 menneske, og er i hovudsak bønder som dyrkar mais, bygg og bete (t.d. raudbete). Dei jobbar lange dagar på åkrane for å dyrka nok mat til familiane sine. Som husdyr har dei sau og jak. Berre 3% av arealet i Bhutan er dyrkbart, difor lagar dei terrasser i landskapet for å utnytta jorda best mogeleg.
100% av dakpaane er buddhistar, men praktiserer også shamanisme. Dei lever isolert og har synt seg motstandsdyktige overfor evangeliet. Dei snakkar sitt eige språk som er dakpaka.

Gode Gud! Dakpafolket er i ditt hjarta. Men dei kjenner ikkje deg, lever i mørkret og er på veg inn i evig natt. Me ber: Sjå i nåde til dei, og send lyset ditt inn i liva og kulturen deira. Må ventetida vera over for dakpafolket, og betydningen av Kristi kross bli tydeleg for dei. Send dei ditt ord. Fri dei ut frå djevelens løgner og syndas lenker. Aus Anden ut over dei slik at dei blir overtydd om at dei treng frelse, at Jesus er frelsaren, og slik at dei vender om til deg og blir fødde på nytt som dine nådebarn. Herre, miskunna deg i Jesu namn. Amen! 

 


torsdag 5. juni 2014

Khmu, Puman i Kina

Pumanfolket lever i Yunnanprovinsen i Kina. Dei  tel berre 22000 menneske, snakkar eit språk som berre vert kalla U-språket, og er overgjevne buddhistar (theravada). Dei er ein del av den store etniske gruppa Mon-Khmer som er å finna over store deler av sør-aust-Asia, og me må rekna dei som heilt unådde. Få kristne har nokon gong tenkt på å bringa evangeliet til pumanfolket, men det finst enkelte lydspor av Bibelen på U-språket. Det er ein forteljatradisjon mellom dei om ein frelsar som ein dag skal koma og setja alt i rett skikk.
 
 Bøn:  
Gode Gud! Du har sagt at menneske frå alle stammer, folk og tungemål skal samlast for di trune i himmelen. Me ber om at pumanfolket no skal haustast inn i ditt rike, at dei skal få vaska kjortlane sine og gjera dei kvite i blodet frå Lammet. Må dei forstå at dei er elska av deg, at syndene deira skiljer dei frå deg og at dei vert frelst berre ved trua på Jesus Kristus, og når evangeliet ein dag blir forkynt for dei, må du Heilage Ande hjelpa dei å identifisera Jesus  som oppfyllinga av løftet om ein frelsar som dei har frå dei gamle forteljingane sine. Du er ein Gud som kjem. Kom til pumanfolket no. Må dine tenarar fatta interesse for dei,  finna dei der dei bur, læra språket og kulturen deira og dela dei gode nyheitene med dei. Amen! 

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...