Viser innlegg med etiketten pulaar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pulaar. Vis alle innlegg

onsdag 17. april 2019

Dagens unådde folkeslag: Pulaarfolket i Senegal


p15622.jpg
Folketal: 1,045 millionar.
Religon: Islam
Språk: Pulaar
Bibelomsetting: Det nye testamentet
Jesusfilmen, NT i lydformat er også tilgjengeleg

Pulaar er ein del av det store fulanifolket, og dei ser på seg sjølve som forsvarar av islam. Folket reknar seg for å vera dei første svarte som vart omvendt til islam i Afrika, og er ikkje lite stolte over det. Det har så langt vore vanskeleg å nå dei med evangeliet.

Kjære Herre Jesus! Pulaarfolket skal også gjerast til dine disiplar, og bli ein del av din globale familie. Også dei var medrekna då du døydde for alle menneske på krossen. Me ber om at du skal sjå i nåde til dei, senda ditt ord til dei, og din Ande over dei, løysa dei frå islam og frelsa dei inn i ditt rike. Må mektige under og teikn skje mellom dei når dei ber til deg i ditt dyrebare namn, og reis opp ei vital og sterk kyrkje i dette folket, eit fyrtårn som syner alle pulaar vegen attende til deg som har skapt dei, og som har elska dei til døden.

m15622_sg.png

fredag 6. juni 2014

Dagens unådde folkeslag: Tukulorfolket i Gambia


Tukulorane er spreidd utover mange land i Vest-Afrika. Det er totalt 1 533 000 av dei, men berre 6500 i Gambia. Dei snakkar eit språk som heiter pulaar.

Tukulorimperiet vart etablert som eit muslimsk teokrati i Vest-Afrika i det 19. hundreåret. Det strekte seg frå Senegal til Timbuktu, hovudstaden i dagens Mali. Folket er delt inn i 4 samfunnsklassar og 12 kastar. Kvar klasse og kaste har ein klårt definert posisjon i samfunnet. Folket har ein sterk muslimsk identitet. Det nye testamentet er omsett til pulaar, Jesufilmen er tilgjengeleg og dessutan NT i lydformat. Du kan lesa meir om dei på www.joshuaproject.net.

Bøn:
Herre Jesus! Det finst ingen bastion som er så sterk at ikkje du kan innta han, og me ber, riv ned alle religiøse festningsverk tukulorane gøymer seg bak og som hindrar dei i å bli frelst. Vekk i dei ein trong etter å lesa Det nye testamentet. Må gode og åndsfylte evangelistar koma til dei og dela evangeliet med dei, og lat under og teikn og mektige gjerningar skje der evangeliet blir forkynt. Må det bli grunnlagt ei vital og kraftfull tukulorkyrkje som vil lysa opp heile Vest-Afrika. Amen.

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...