Viser innlegg med etiketten kaste. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kaste. Vis alle innlegg

mandag 28. august 2017

Dagens unådde: Mahratta, India


Folketal: 32 242 000

Språk: Marathi

Religion: 99,33% hinduisme, 0,00% kristne.

Mahrattafolket tilbed Shiva og ei mengd med lokale gudar knytta til familiane.

Mahratta er eit høgkastefolk som eig og  kontrollerer store landområder på den indiske landsbygda. Dei er stolte over arven og kulturen sin, og ser gjerne ned på andre menneske.

Heile Bibelen er omsett til marathi.

Herre Jesus! Sjå i nåde til mahrattafolket, og send dine trufaste tenarar til dei for å hausta dei inn i ditt rike. Aus Anden din utover dei og syn dei klårt og tydeleg at alt det som dei ser på som stort, er smått i høve til det å vera elska av Deg. Gje dei nåde til å snu seg bort frå avgudane, sanna syndene sine og leggja av alt som hindrar dei å få del i det evige livet. Gjer ditt gode ord kjent for dei, skap i dei ein hunger og tørst etter deg, den einaste sanne Gud, og løys dei frå demoniske makter som bind dei til djevelen og hans lagnad.

Herre! Me ber om at du skal grunnleggja og byggja di kyrkje i mahrattafolket, ei kyrkje som gjev menneska eit klårt bilete av kven du er og kva du er god for. Reis opp apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar mellom dei, kraftfulle, varme og gode leiarar som kjenner deg og ditt ord, og som brenn for di ære og ditt rikes framgang. Amen!








torsdag 26. februar 2015

Dagens unådde: Tagafolket i India




Mennene i tagafolket var ein gong brahminarar, men er seinare vorte degraderte til bønder (som er eigen kaste i India). Dei lever i det ytste åndelege mørkret, og har så langt vore heilt oversett av kristen misjon. Tagafolket tel 524 000 menneske. Dei er hinduar. Kjelde: Joshuaproject.net

Kjære Far! Sjå i nåde til tagafolket, og send gode kristne menneske til dei som kan dela evangeliet med dei i ord og gjerning. Aus Anden din over dei slik at dei forstår at du er den einaste sanne Gud, at du har skapt dei, elskar dei og har ofra den einborne Sonen din for å frelsa dei frå synd og evig dom. Fri dei ut frå djevelens makt, avslør for dei løgna i det dei har trudd på så langt og lat Sanninga i Jesus setja dei i fullkomen fridom. Må di kyrkje bli etablert og slå rot i tagafolket og verta ei kjelde som di kraft og ditt gode lys strøymer ut over heile India frå. Amen!

fredag 6. juni 2014

Dagens unådde folkeslag: Tukulorfolket i Gambia


Tukulorane er spreidd utover mange land i Vest-Afrika. Det er totalt 1 533 000 av dei, men berre 6500 i Gambia. Dei snakkar eit språk som heiter pulaar.

Tukulorimperiet vart etablert som eit muslimsk teokrati i Vest-Afrika i det 19. hundreåret. Det strekte seg frå Senegal til Timbuktu, hovudstaden i dagens Mali. Folket er delt inn i 4 samfunnsklassar og 12 kastar. Kvar klasse og kaste har ein klårt definert posisjon i samfunnet. Folket har ein sterk muslimsk identitet. Det nye testamentet er omsett til pulaar, Jesufilmen er tilgjengeleg og dessutan NT i lydformat. Du kan lesa meir om dei på www.joshuaproject.net.

Bøn:
Herre Jesus! Det finst ingen bastion som er så sterk at ikkje du kan innta han, og me ber, riv ned alle religiøse festningsverk tukulorane gøymer seg bak og som hindrar dei i å bli frelst. Vekk i dei ein trong etter å lesa Det nye testamentet. Må gode og åndsfylte evangelistar koma til dei og dela evangeliet med dei, og lat under og teikn og mektige gjerningar skje der evangeliet blir forkynt. Må det bli grunnlagt ei vital og kraftfull tukulorkyrkje som vil lysa opp heile Vest-Afrika. Amen.

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...