fredag 22. desember 2017

Jemen

Jemen har ei rik kulturhistorisk fortid. Det var her det bibelske Saba, eller Sheba, låg, og me kjenner jo alle forteljinga frå 2. Kongebok om dronninga av Saba som vitja Salomo i Jerusalem.

Jemen har få naturressursar, og er det fattigaste landet i den arabiske verda. Store deler av den arbiedsføre befolkninga jobbar i andre land.

Jemen er i dag, med sine vel 28 millionar menneske, eit land prega av borgarkrig, og landet er utsett for ein saudiarabsik blokkade som fører til stor varemangel i landet.

Denne konflikten starta for alvor i 2011 under "den arabiske våren". Då kom misnøya med korrupsjon og arbeidsløyse opp i dagen og førte til at president SALIH måtte gå av til fordel for visepresiden HADI.

Befolkninga er svært ung, Gjennomsnittsalderen er ikkje meir enn 19 år. Difor vert lidinga som krigen påfører befolkninga ekstra stor. Millionvis av barn er råka av matmangel og hungersnaud, og mange, mange døyr av svolt i skrivande stund.

I 1990 vart Nord og Sør-Jemen samla til eitt rike. Sør-Jemen (tidlegare Aden) hadde frå 1967 vore styrt av eit marxistisk regime, eit ateistisk diktatur, medan Nord-Jemen var muslimsk og hadde ein flora av parti. Her låg alt til rette for djupe konfliktar. Nord-Jemen var det sterke part her, og slo brutalt ned eit opprør frå sør i 1994.

Marxismen er død idag. Men Al-Quaida, ISIS og den iranskstøtta hutumillitsen har funne fotfeste i landet, og gjort det til ein base for terrorhandlingane sine. I 2014 erobra hutumillitsen den vakre hovudstaden Sanaa. President HADI måtte flykta til Oman, og seinare til Saudi Arabia. Den tidlegare presidenten, SALIH, hadde då alliert seg med hutuane.

For ei veke si prøvde han forresten å forlata hutuane til fordel for gamle vener, men vart straks skoten og drepen av folk frå hutumillitsen.

I tillegg har Jemen vore tungt råka av krigen i Somalia og mange somaliarar har kome som flyktningar til Jemen.

Det høyrer også med til bilete at 80% av jemenittane dagleg rusar seg ved å tygga den narkotiske qat-planta. Store deler av jordbruksarealet går med til å dyrka dette svineriet.

66% av befolkninga er sunnimuslimar. 34% er shia. 0,08% er kristne.

Kristendomen var dominerande i dette området fram til dei kyrkja vart undertrykt og etter kvart utrydda  av islamske hærar på 6 og 700-talet.

Dei få kristne som finst i landet i dag er utlendingar.


  • Be om at kongen over kongane skal intervenera i landet, gje folket frelse og nasjonen fred. 
  • Be om at det skal etablerast ei levande etnisk jemenittisk kyrkje.
  • Be om at befolkninga skal slutta å dyrka qat og rusa seg på qat, og bruka jorda til dyrking av poteter, korn og grønsaker. Folket treng mat. 
  • Be om at dei vaksne skal begynna å ta ansvar for barna sine og gje dei opplæring og skulegang slik at dei kan læra seg å lesa og skriva. 
  • Be om måtar å få spreidd Bibelen på til den jemenittiske befolkninga, og at Guds bok skal bli omsett til socotri og mahri, språk som vert snakka på øya Socotri i Det indiske hav og langs grensa mot Oman. 








Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...