Saudi-Arabia er eit absolutt monarki. Økonomien blir beskriven som semiføydal. Kvinner har svært avgrensa rettar. Liberaliseringsforsøk vert som regel slege kraftig ned på.
Saudi Arabia har utstrekt bruk av dødsstraff, og mindre brotsverk vert gjerne straffa med avhogne lemmer eller offentleg pisking.
Landet er per i dag i krig med shiamuslimske grupper i Jemen. Her går mykje gamal og eksotisk kultur tapt i bomberegnet, og sivilbefolkninga lid uhyggjelege tap.
Saudi Arabia brukar store pengebeløp på å spreia islam rundt omkring i heile verda.
Etter Nord Korea tronar Saudi Arabia som nr.2 på Open Doors liste over dei landa der forfølgninga av kristne er verst.
Alle grunnleggjande menneskerettar vert krenka på dagleg basis.
Bøn:
- Be om at Gud skal løysa landet og folket frå islams lenker.
- Be om at islams mørker skal måtta vika for Guds lys i Jesus Kristus
- Be om at saudiarane må oppdaga Jesus i Koranen, og at han må openberra seg for dei i draumar og syner.
- Be om at det skal bli god tilgang på biblar i landet
- Be om at dei kristne må finna kvarandre, og samla seg for å leva saman som undergrunnskyrkjer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar