mandag 1. juni 2026

Dagens unådde: Kashmirfolket i India og Pakistan

 



Kashmirane bur i Kashmir, det omstridte fjellområdet mellom India og Pakistan. 
Dei tel 8112 000 menneske, snakkar kashmiri og er muslimar. 0,00% er kristne. Heile Bibelen er oversett til kashmiri, og det er ein kjemperessurs med tanke på framtidig misjon i denne folkegruppa. 

Herre Jesus! Gjennom Sakarja sa du at i dei (siste) dagane skal mange (alle) folk bli sameinte i deg og kallast "ditt folk". Me trur og veit at også kashmirfolket snart skal haustast inn. Å Gud, må det skje i vår tid. Driv arbeidsfolk ut til din haust i Kashmir. Aus Anden din ut over dette folket slik at dei ser at du er den einaste levande Gud og frelsar frå synd. Me ber om fortgang i misjonsoppdraget. Me ber om brennande og villige hjarto. Me ber om pionerånd i ditt folk. Velsign Kashmir med fred, politisk og åndeleg. I Jesu namn, amen! 

Kjelde: joshuaproject.net


Ingen kommentarer:

Tyskland del 1

  I Tyskland bur det 84 075 000 menneske. 52,7 prosent er "kristne". 2,1% evangeliske kristne. Hovudstad: Berlin Millionar av innv...