Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Bangbladesh er eit muslimsk land, og det er ikkje beint fram å vera brahminer, ein hinduprest, der. Dei fleste driv då ikkje heller på med rituelle handlingar, dei er å finna i diverse leiande posisjonar i næringslivet. Det er 603 000 brahminarar i Bangladesh. Ingen av dei er kristne. Det er grunn til å tru at skulle nokre av dei koma til tru, ville det ha stor betydning for mange andre også.
Herre Jesus! Me ber om det i ditt eige namn, at nokre av desse høgkastefolka skal koma til tru og bli sanne, dedikerte og åndsfylte kristne. Send åndsfylte apostlar til dei som kan tala ordet ditt til dei på ein overtydande måte, og ver du med dei og stadfest ditt ord med under og teikn som du let tenarane dine gjera i ditt store namn. Amen!
India er eit kontinent på 3 166 000 km2. Folketalet var i 2018 1 300 000 000. Det er rundt 420 per km2. Landet er delt inn i 28 statar og 7 regionar. Hovudstaden er New Dehli med 23 millionar menneske. Andre store byar: Mumbai: 20 mill+, Kalikot (Calcutta) 14 mill+. India har 45 byar med meir enn 1 million menneske. Fertitliteten er 2,3. 31% av befolkninga er under 15 år.
72% av er av indoeuropeisk avstamming. 25% tilhøyrer dravidane, Indias gamle urfolk. 3% har mongolsk opphav.
India har den største etniske diversiteten av alle land i heile verda. Her finn me over 2500 distinktivt ulike folkegrupper, og me kan trygt seia at landet representerer den største av alle misjonsutfordringar i verda i dag. Dei alle, aller fleste unådde folkeslag i verda er å finna i India.
Dei indoeuropeiske språka dominerer. Hindi er nasjonalspråk, og blir snakka av 40% av befolkninga . 21,6% snakkar dravidske språk (det er 84 slike , og dei skil seg meir frå hindi enn hindi frå norsk). Totalt blir det snakka 456 språk.
Det sosiale livet i India er gjennomsyra av det hierakiske kastesystemet. Brahminarane (prestane) er på pyramidetoppen (dei har jo laga dette systemet), så kjem krigarane, handverkarane og nederst tenarane. Dei kastelause, dei såkalla dalitane (som oftast er dravidar) er på botn og har få og ingen rettar. Her finn me dei fleste kristne. Når ein dalit overgjev seg til Kristus, går han frå å vera det lågaste og minst verdfulle menneske på jord til å bli Guds kongsbarn som skal arva himmelriket. Trass i denne erkjenninga, er er også store deler av kyrkja prega av kastesystemet.
Det er forbode med diskriminering ut frå kaste, men det skjer heile tida. Kastesystemet er India og hinduismens sjel. Det er mange ulike kastar innafor dei store kastegruppene som eg nemnde, og totalt er folk inndelt i 4700 kastar og 25000 underkastar. Det må vera litt av ein jobb å halda styr på alt dette.
Det er på landsbygda kastesystemet har størst betydning. I byane er gjerne utdanningsnivået høgare, og det har sveikka denne gamle samfunnsordenen.
India er eit jordbruksland, men etter overgangen til marknadsøkonomi i 1991 har landet blitt ei tekonologisk stormakt i verda. Dette har skapt nye rike grupper.
Likevel lever 40% av befolkninga under FN si fattigdomsgrense. Avstanden mellom fattig og rik er formidabel i dette landet. Men pga av kastesystemet og karmatenkinga, tek ikkje dei rike det inn over seg i nemneverdig grad. Her i dette landet får alle som fortent.
Av dei 400 millionar barn i landet, er 35 millionar foreldrelause, 11 mill kasta ut av familiane sine (90% jentar), 3 mill er gatebarn. Mange foreldre sel barna sine til slaveri for å kunna betala gjelda si. 1 million barn lever i prostitusjon, dei fleste er nepalesiske eller barn frå Bangladesh. 2/3 av barna opplever fysiske overgrep og trakassering, halvparten vert misbrukte seksuelt.
Det er stort underskot på kvinner. Mange jentebarn vert aborterte, og mange vert drepne etter fødselen. Jenter vert sett på som ein økonomisk belastning. Pga mangel på kvinner er massevaldtekter eit vanleg fenomen.
India er kalla verdas største demokrati, og vart sjølvstendig frå engelsk overherredøme i 1947. Kongresspartiet sikra lenge trusfridom, men etter at Hindutvapartiet kom til makta for nokre år attende, har kristne og muslimar opplevd både diskriminering og direkte forfølging. I dag er India det 10. verste landet i verda når det gjeld forfølging av kristne.
74% er hinduar, 14% er muslimar, 6% er kristne i følgje Operation World. CIA factbook operer med 2,3% kristne, men dette talet er nok kraftig underestimert.
Etter 1960 har kristen misjon eksplodert i India, og kyrkjeveksten har vore enorm. I 1973 var det 420 internmisjonærar i India. I 2010 var talet 100 000, i dag truleg langt fleire. Nye menneske kjem til tru i hopetal, og mange nye kyrkjer vert planta kvar dag. Takk Gud for dette.
I særleg grad har dalitane kome til tru. Her er det snakk om masseomvendingar. Takk Gud for denne vekkinga. Men mange erfarer alvorleg forfølging. Be om at dei i skal erfara Guds vern, truskap og omsorg, og at India skal respektera menneskerettane.
Be om at dei kristne skal venda seg bort frå kastasystemet, og læra seg å sjå på sine medtruande som søsken og alle menneske som likeverdige.
Be om at alle dei nye kyrkjelydane skal få gode leiarar som kan gjeta flokkane.
Be om at det skal gjennomførast leseopplæringsprogram for analfabetar, og at Bibelen skal bli oversett til alle levande språk
Be om at den overveldande korrupsjonen som eksisterer mellom alle ledd i samfunnet skal ta slutt.
Be om at Gud, gjennom si kyrkje, skal møta alle dei enorme menneskelege behova som er i dette landet.
40% av barna er underernærte. Be om samfunnsleiarane skal bryta ut av karmatenkinga og læra seg å ta ansvar for landets smårollingar.
Be om at folk skal ha tilgang på reint vatn og rein luft. Forureinsinga er formidabel over alt.
Be om heim og skulegang for alle dei 35 millionar foreldrelause barna.
Be om at at himmelens Gud må reisa seg og verna kvinner og barn i India, og straffa alle som utøver overgrep mot dei.
Be mot hinduismen, at han skal smuldra vekk og missa makta si over folks liv og tanke.
Be om einskap mellom dei mange ulike kyrkjesamfunna i India.
Be om at evangeliet skal nå fram til alle dei mange unådde folkeslaga i landet
Be særleg om at brahminarane og andre høgkastefolk skal bli nådde. Det vil vera umåteleg viktig for alle indarar.
Be om at Indias 15 millionar blinde og 50 millionar svaksynte skal få tilgang til Guds ord
Be om frelse for dei 140 millionar muslimane og dei 23 millionar sikhane i landet.
Be om at alle indarar skal kjenna til Bibelen, og ha tilgang til å lesa han.
Be om interesse for og spreiing av god kristen litteratur.
Be om interesse for og spreiing av kristne korrsepondansekurs
Be om interesse for kristne filmar, radio og TV-program.
Be om frelse for dei 30 millionar indarane som lever i diaspora.
Aharfolket er godseigarar av høg kaste. Dei ser på seg sjølv som brahminarar, men dei skikkelege brahminarane likar det dårleg. Aharfolket tel 1,4 millionar menneske. Dei snakkar hindi, er naturlegvis hinduar. Ingen i India er så vanskelege å nå som høgkastefolka. Det er ikkje ein einaste truande kristen Ahar.
Kjære gode Far! Aharfolket er skapt av deg, og du har i Jesus betalt ein høg pris for at dei skal tilhøyra deg. Må ditt ord og din Ande nå dei, frelsa dei frå synda, døden og djevlens makt, skapa tru og lovsong i hjarto deira og fylla dei med din kjærleik. Må lyset frå himmelen koma over dei og forvandla dei til eit kristent folkeferd. Amen!
Mennene i tagafolket var ein gong brahminarar, men er seinare vorte degraderte til bønder (som er eigen kaste i India). Dei lever i det ytste åndelege mørkret, og har så langt vore heilt oversett av kristen misjon. Tagafolket tel 524 000 menneske. Dei er hinduar. Kjelde: Joshuaproject.net
Kjære Far! Sjå i nåde til tagafolket, og send gode kristne menneske til dei som kan dela evangeliet med dei i ord og gjerning. Aus Anden din over dei slik at dei forstår at du er den einaste sanne Gud, at du har skapt dei, elskar dei og har ofra den einborne Sonen din for å frelsa dei frå synd og evig dom. Fri dei ut frå djevelens makt, avslør for dei løgna i det dei har trudd på så langtog lat Sanninga i Jesus setja dei i fullkomen fridom. Må di kyrkje bli etablert og slå rot i tagafolket og verta ei kjelde som di kraft og ditt gode lys strøymer ut over heile India frå. Amen!