I samband med at India vart splitta opp i to nasjonar i 1947, flykta mange muslimar som budde i Bihar til Aust-Pakistan, det som i dag er Bangladesh. Under borgarkrigen kjempa dei mot brutalt hinduane. Etter krigen vart dei utsette for fælslege hemnaksjonar, og måtte flykta austover. Der bur no 942 000 av dei i flyktningeleirar som har utvikla seg til slumområder der sanitærtilhøva er katastrofale og smittsame sjukdomar florerer. Bangladesh gjer ingenting for å integrera biharifolket, og dei får ikkje statsborgarskap. Det er trasig, for desse menneska er dyktige og hardt arbeidande og kunne vore ein skikkeleg ressurs for eitt av verdas fattigaste land. Dei snakkar urdu, og dermed kan dei lesa Bibelen, i alle fall dei som KAN lesa.
Herre Jesus! Du som betalte den ultimate prisen for vår frelse, me ber om at du skal ta deg av biharifolket i Bangladesh og løfta dei opp åndeleg, sosialt, økonomisk, moralsk og politisk. Bryt djevelens makt over liva deira, og gje dei del i ditt rike og ditt rikes enorme velsigningar. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar