Folketal: 37 mill. fordelt på 408 folkegrupper. 65,2% hinduar. 24,7% muslimar. 20% kristne. Hovudstad: Trivandrum
Kerala er etter det tradisjonen fortel den plassen der apostelen Tomas kom for å forkynna evangeliet. I alle fall, den kristne kyrkja i Kerala har gamle røter, og dei syriskortodokse kallar seg likefram for Tomaskristne. Dei fleste i denne kyrkja lever introvert, og er vorten ein akseptert del av det hinduistiske kastesystemet. Dei har tilpassa seg. Nokre få av dei bryt ut for å forkynna evangeliet på tvers av grupper og kastar. I tillegg har det dei siste åra vakse fram mange uavhengige evangeliske kyrkjer som ivrar for misjon og evangelisering (det er forresten djup mistru og spenning mellom dei gamle kyrkjene og dei nye). Sidan det kristne innslaget i Kerala er så sterkt, det er snakk om over 19% av befolkninga, er dei 36 millionane som bur der velutdanna. 90% kan lesa og skriva. Kerala er ein framgangsrik stat i India. Dei siste åra har store mengder kastelause, dalitar, strøymt til Kristus. Likeverd-idealet i pinsekyrkjene dreg dei gjerne dit. Når dei vert frelst går dei frå å vera mindre verd enn hundar, til å bli Guds kongsbarn og arvingar til himmelriket. Det er litt av eit sprang i status.
Trass i framgang for evangeliet, er det mange avgudar å sjå i Kerala, og trykket frå demontilbeding er massivt. Her trengst det også bøn.
- Be om gjennombrot for evangeliet mellom dei kastelause, og at dei skal bli løfta opp på alle livsområder.
- Be om at dei kristne skal venda om frå diskriminerande tankegong, og at kyrkja skal bli reinsa for hinduistisk påverknad.
- Be om at Jesus skal bli stor for dei kristne, og at kjærleiken til Han skal definera liva deira.
- Be om at dei skal bli ekstroverte og misjonerande i sin livsstil
- Be om at dei skal elska kvarandre og kjenna på ein djup brorskap
- Be om at dei skal ta oppgjer med all religiøsitet og ritualisme
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar