mandag 6. juli 2015

Indonesia









 Indonesia er med sine vel 240 millionar innbyggjarar den mest folkerike muslimske nasjonen i verda. 80% av befolkninga er muslimar, 16% er kristne og 1% tilhøyrer hinduismen (Bali).
Indonesia er eit enormt øyrike (17000 øyar) med mange ulike folkeslag. Det vert snakka 722 ulike språk der, mange av dei på Ny Guinea, eller Irian Jaja som den indonesiske delen av denne store tropiske øya vert kalla.
På 1960-talet vart deler av Indonesia vitja av Gud med ei vekkjing utan sidestykke sidan apostlane sine dagar. Denne intervensjonen av den levande Gud har Kurt Koch levande fortalt om i boka "Vekkelsen i Indonesia" som kom ut på Ansgar forlag i 1973.
Men enno flammar vekkjinga opp med jamne mellomrom, og stadig kjem titusenvis av menneske til tru kvart år. Ja, dette er så trugande for islam at styresmaktene har finansiert eit eigen animasjonsfilm som åtvarar dei unge mot kristendomen og oppmuntrar folk til å engasjera seg i kampen for å attreisa tilliten til islam mellom dei unge i landet. Filmen heiter "Save Marjam" og ligg på YouTube. Han er underleg nok meir misjonerande enn filmmakarane heilt har forstått. I filmen vert det sagt at så mange som 2 millionar menneske blir kristne per år, men det er nok ei overdriving.

På 1600-talet vart Indonesia kolonialisert av Portugal. Seinare kom nedelendarane og engelskmennene og tok sine deler. Under andre verdskrigen var landet okkupert av Japan, men fekk sjølvstende då krigen enda i 1945. I 1965 gjennomførte general Suharto eit kommunistisk kupp. Det førte til økonomisk oppgang dei første åra. Men det enda med kollaps i 1997, og Suharto måtte gje frå seg makta. I 1999 vart dei første demokratiske vala haldne. Økonomien er no i betring.

Trass i høg toleranse i samfunnet, opplever kristne i Indonesia stadig forfølging på ulike nivå. Dette har ført kristne saman, og einskapen i Guds kyrkje er uvanleg sterk. Dette har ført til aukande evangelisering og misjon. Når kristne ikkje brukar energien sin på indre strid, kan dei retta alt sitt engasjement mot å realisera misjonsoppdraget.

  • Be om at nye bibbeloversettingsprosjekt skal setjast i gong, og at nye oversetjarar skal melda seg. 
  • Be om fred og vern for dei truande midt i den aukande tendensen til å tvinga islam på folk
  • Be om at kristne frimodig proklamerer evangeliet om nåde og frelse gjennom Jesus Kristus åleine.
  • Be om tilstrekkeleg med kunnskapsrike, kraftfulle, dugande og varme pastorar og bibellærarar som kan gje dei nye kristne god opplæring.
  • Be om at alle nye kristne skal bli disippelgjort og utrusta til sjølve å læra opp andre.
  • Be om at radikal islam ikkje skal få innpass i Indonesia.

c

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...