Den 23 februar gjekk IS overraskande til åtak på 35 assyriske byar nord i Syria. I desse byane er det mange kristne, og 3000 av dei har flykta hals over hovudet til byane Hassaka og Qamishli. 100 kristne menn er tekne som gislar av IS, medan familiane og heimane deira er under strengt vakthald. Det er grunn til å tru IS vil prøva å få nokre av desse mennene utveksla med IS-soldatar som er tekne til fange av kurdiske styrkar.
I følgje Mar Aprem Nathniel, biskop i den assyriske kyrkja i Aust-Syria, vart Mariakyrkja i Hassaka overfylt av flyktingar kvelden og natta den 23. februar, men alt dagen etter fekk dei flytta inn til bufaste kristne familiar i byen.
Kjelde: World Watch Monitor 25,februar
Kjære gode og mektige Herre Jesus Kristsus! Me vil saman med heile du kyrkja sanna og ropa ut at du åleine er Herre, at du har fått all makt i himmel og på jord, og at ingen våpen som vert smidd mot det skal lukkast. Me veit også at dødsrikekreftene ikkje skal få makt over kyrkja di, ei heller den assyriske. No ber me i ditt eige namn at du sender dine mektige englar ut for å verna og underhalda dine flyktande vener, og setja stengsler og grenser for IS i deira djevelske og dødbringande planar mot di kyrkje. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar