lørdag 28. februar 2015

Avarfolket i Dagestan, Russland


Avarfolket lever i Kaukasusområde, og er med sine nesten 1 million menneske ein av dei aller største folkegruppene i Dagestan. Dei var ortodokse kristne frå 500 til 1300-talet, då dei vart introdusert for sunniislam som gradvis overtok sinn og tanke hos dei. I dag er dei veldig trufaste både mot islam og tradisjonelle familieverdiar. Dei er lite mottakelege for evangeliet. Språket deira er avar, og Det nye testamentet er tilgjengeleg på dette språket.

Kjære Herre Jesus! Må avarfolket bli motivert til å lesa Det nye testamentet på sitt eige språk. Må ordet ditt bli etterspurd hos dei og mala Jesus for hjarto deira som Gud og frelsar, og skapa tru, liv og fellesskap. Må du bli så klår og vakker for dei at dei med glede kastar islam på båten for å få tak i den ekte perla, din kjærleik og nåde. Frels dei inn i ditt rike, og bygg opp ei sterk og levande avarkyrkje som kan skina for alle menneske i Kaukasusområdet. Dei treng så inderleg til din fred og di framtid. Amen! 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...