Kjære Herre Jesus! I dag ber me for alle menneska i Bahrain. Du kjenner dei og veit kva kår dei lever under, og du veit at dei rike er like fortapte som dei fattige. Må du forstyrra djevelens planar med dette landet og fremja dine eigne. Send din mektige Ande over nasjonen, etter ditt ord, fyll kyrkja di med himmelsk kraft og gjer kvar enkelt kristen i landet til eit frimodig og kraftfullt vitne om di oppstode. Må djevelens herredøme i Bahrain bli brote i ditt dyrebare namn, og du innsett som den einaste sanne konge og Gud i landet og i enkeltmenneskes liv. Så ber me om rettferd for dei fattige og undertrykte som lever under slavekår, at dei skal få rett løn for det arbeidet dei gjer samt forsvarlege arbeidsvilkår. Amen.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
lørdag 28. februar 2015
Bahrain
Kjære Herre Jesus! I dag ber me for alle menneska i Bahrain. Du kjenner dei og veit kva kår dei lever under, og du veit at dei rike er like fortapte som dei fattige. Må du forstyrra djevelens planar med dette landet og fremja dine eigne. Send din mektige Ande over nasjonen, etter ditt ord, fyll kyrkja di med himmelsk kraft og gjer kvar enkelt kristen i landet til eit frimodig og kraftfullt vitne om di oppstode. Må djevelens herredøme i Bahrain bli brote i ditt dyrebare namn, og du innsett som den einaste sanne konge og Gud i landet og i enkeltmenneskes liv. Så ber me om rettferd for dei fattige og undertrykte som lever under slavekår, at dei skal få rett løn for det arbeidet dei gjer samt forsvarlege arbeidsvilkår. Amen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar