Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
torsdag 19. februar 2015
Bøn i fastetida II. Syn oss kor stor du er
«Me veit kva det vil seia å bli imponert over vår eigen religiøse
framtoning. Me kan sei alle dei rette orda, sjølv om hjarto våre er
langt borte frå deg. Me er så veltrente i lovsongsrutinar at dei vert
forutseibare og trygge. Me er mellom dei som har kome deg i møte utan å
vera audmjuke av hjarta. Ver snill og bryt ned stoltheiten vår. Samla
dei forvilla hjarto våre. Overraska oss med å syna oss kor stor du er,
og lat oss bli slått av kor farleg du er. Gjer oss vilt begeistra over
kor strålande vakker du er, slik at den tjukke skya av religiøs
stoltheit og sjølvtilfredsheit dampar bort i stråleglansen av din
herlegdom.»
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar