"Enno ein gong søkjer me deg om å bli fornya. Me har bedd slik før:
Forny oss igjen! Kan me våga å be deg om å fornya folket ditt èin gong
for alltid? Vekkjingar i tidlegare generasjonar har kome og gått, flamma
intenst og så døydd ut. Kan du i din trufaste og usvikelege kjærleik
senda oss ei vakkjing som varer? Me veit at vår kjærleik til deg har ein
tendens til å bli borte, men din kjærleik sviktar aldri. Vis oss kva
din evige kjærleik kan utretta. Tal med livgjevande kraft og styrk vårt
vaklande håp. Send over oss den freden du lova. Berg oss på måtar som
overraskar oss. Må heile byar bli lukka og pakka inn i di oppstodekraft
slik at din herlegdom kan skina ut over heile landet vårt. Amen!"
Global Day of Prayer
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar