fredag 27. februar 2015

Aserbaijan


 Aserbaijan er ein oljerik nasjon som ligg ved Kaspiahavet. Landet har altså store naturressursar, men rikdomane kjem berre nokre få korrupte leiarar til del. I følgje prayercast.com lever 40% av befolkninga i fattigdom, og særleg er dei 600 000 internt fordrevne flyktningane i landet i ein vanskeleg situasjon. Dette høge flyktingetalet kjem av den vedvarande, fastfrosne og mangeårige  konflikten landet har hatt, og har, med Armenia om enklaven Nagorno Karabach.

 

Dette strengt muslimske landet har over 8 millionar innbyggjarar. Under 3% er truande kristne. Dei har det ikkje lett. Kristendomen vert sett på som eit uttrykk for russisk imperialisme eller armenst fiendskap. Armenia har jo verdas eldste nasjonale kristne kyrkje.

Gode Far! Me ber om at din kjærleik skal bli proklamert, praktisert og kjend i alle byar og landsbyar i Aserbaijan. Me ber om ei varig løysing på konflikten med Armenia, og at dei armenske kristne skal sjå det som sitt kall å bringa frelse og forsoning til Aserbaijan, snarare enn hat og død. Gje den veksande kyrkja i landet mogne leiarar som kan styrka einskapen, visjonane og frimotet hos medlemmene sine trass i aukande overvaking frå styresmaktene si side. Herre Jesus, du er verdas lys, lat lyset ditt stråla over alle menneske i Aserbaijan. Amen!


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...