lørdag 21. februar 2015

Fastebøn IV. Reins oss frå innsida og ut

"Me har skulda andre for å ha forureina samfunnet vårt, medan me finn kompromiss og løynde synder i våre eigne hjarto. Me lengtar etter å bli reine og frie. Granska oss med tanke på å finna hemmelege synder som me ber på. Reinsa oss frå innsida og ut. Gje oss varig kraft ved Den heilage ande slik at me kan tena deg med integritet. Me lengtar etter den gleda det er å kunna tilbe deg utam tanke for noko anna enn deg, du den heilage Gud.

Herre Jesus! Du er like innstilt i dag på reinsa oss frå synd som du ein gong for lenge sidan var på å reinsa dei spedalske. Mange av våre samfunn, også dei kristne, held fram med å kjempa med synd. Me for oss sjølv og for mange andre at me skal bli reine og frie frå alt som skitnar oss til på innsida. Enno er du full av medkjensle. Du ønskjer å røra ved oss og gjera oss reine.

Me ber i dag om at gjev oss og andre i byen vår ein djup trong etter å bli fri frå våre synder.
Må di medkjensle og miskunn bli openberra for alle som kjenner seg håplause og åleine med si skam.

Me ber om at du  fyller pastorar og kyrkjeleiarar med visdom. Lat dei også få ære frå dei som dei tener. Fyll dei med Den heilage ande slik at dei kan vera både kraftfulle og audmjuke, ha ein frisk intimitet med Jesus og vera verna mot alle dei plot som djevelen planlegg mot dei og familiane deira, og at djupe venskap med andre pastorar må veksa fram. Amen!"

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...