Takk Herre Jesus for at du kom til vår verd og ved ditt
offer tok bort alle våre synder, og at me ved trua på deg er rettferdige for
Gud. Du er vår sol og vår einaste von. Hjelp oss å overgje alt i liva våre til
deg, setja deg og ditt rike på første plass og stola på deg i alle ting. Gje oss fred og balanse i sinnet
slik at me aldri let oss styra av aggressive kjensler, men av din gode Heilage
Ande. Fyll oss med respekt og varme kjensler for våre medmenneske, slik
at deira lukke er viktigare for oss enn vår eiga. Herre, miskunna deg over oss. Amen.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar