torsdag 15. desember 2011

Kristen konvertitt dømt til seks års fengsel i Iran


19. november vart iranske Alireza Seyyedian (36) dømt til 6 års fengsel  for å ha ha teke kristen dåp, og for at dåpen føregjekk  i Tyrkia. Alireza vart kristen for 6 år sidan, og han er no dømt for å ha bakvaska og undergrava  den iranske nasjonen ved å døypa seg i utlandet. Ved å gjera det, har han svikta landet sitt ved å gje omverda eit inntrykk av at det ikkje er religionsfridom i landet!!! På iransk heiter dette ”propaganda mot regimet” og  ”handling mot nasjonal tryggleik”.

Seyyedian, som også leier for ei huskyrkje, vart først arrestert i 2010 og sett fri mot 50000USD i kausjon, og dei eigentlege grunnen til den strenge domen ligg nok i behovet for å setja han ut av spel.
Under rettssaka var Seyyedian heilt roleg og benekta korkje dåpen eller at film frå dåpen vart lagt ut på internett. Han benekta ingenting. 


Jesus, du som innstifta dåpen som ein dåp til din død, styrk Alireza Seyyedian i hans trengsel. Ver nær han i fengselscella og gje han del i krafta frå di oppstode når han no må smaka samfunnet med di liding. Amen

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...