Dette
muslimske folket, som lever i grenstraktene mellom Marokko og Vest Sahara, tel
berre rundt 40 000 menneske, og dei snakkar eit språk som heiter Hassaniyya. Nokre av dei er nomadar, andre fastbuande. Det
ingen kjende etterfølgjarar av Jesus i denne folkegruppa. Jesusfilmen er dubba
til Hassaniya.
Saharaørkenen
er ein lite kjekk plass å vera på for utanforståande, og Izarguiane er svært
mistenksame overfor framande (Les meir om dei på joshuaproject.net)
Kjære Herre Jesus! Ein dag skal
izarguienfolket samlast inn for deg. Eg ber om at du skal bana veg for ordet
ditt inn til hjarto deira, og førebu folket vel for di frelse. Må ditt nærvær
vera over dei og din godleik røra ved dei. Møt dei gjennom draumar og syner,
oppmuntrar dei til å be, og gjer under mellom dei når dei ber til deg. Må ordet
ditt bli omsett til hjartespråket deira, og motiver dei til å læra seg å lesa. Miskunna
deg over dei, Herre, i ditt eige namn. Amen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar