mandag 26. desember 2011

Nigeria


Agence France-Presse/Getty Image

Midt i julefeirnga har den kristne kyrkja gjennom alle tider markert 2.juledag som den såkalla Stefanusdagen. Bakgrunnen for dette ligg i Herodes sitt barnedrap i Betlehem. Sjølv om Stafanus var den det første Jesusvitne som måtte døy for trua si, var likevel gutebarna i Betlehem dei første som måtte døy for Jesu skuld.
Denne markeringa har fått svært god meining dei siste åra. Det syner seg nemleg at juletida er vanskeleg for kyrkjer i mange land. I fjor var det dødelege åtak mot koptiske kristne i Egypt, året før skjedde det i India. I år var det kristne i Nigeria som fekk smaka lidingsskåla.  Aftenposten.no melder  at på 1. juledag vart minst 35 kristne vart drepne (nokre kjelder seier 39) av 5 bombeåtak retta mot kristne kyrkjer i landet.  30 av offera tilhøyrde den katolske kyrkja  St. Theresa i forstaden Madela like utafor delstatshovudstaden Abuja. Det er den islamistiske gruppa Boko Haram som står bak åtaka mot kristne også denne gongen.  Dei har eit definert mål å gjera Nigeria til ein islamsk stat styrt av sharialover. Det ser ut til at dei er viljuge til å føra landet ut i borgarkrig for å oppnå måla sine.
Av dei 160 millionar menneska som bur i landet, er 51,3% kristne, og den kristne kyrkja veks i følgje  boka Operation World med 2,7% årleg. Dei nordlegaste delstatane er muslimske medan dei i sør er kristne. Forfølginga mot dei kristne er størst langs eit belte som går frå aust til vest midt i landet der me finn ei blanding av kristne og muslimar.
Situasjonen i Nigeria kallar på kristne over heile verda til bøn både for den kristne kyrkja der og for landet generelt. 

Gode Gud og Far! Eg ber i dag om styrke for di kyrkje i Nigeria. Trøyst dei som no sit i sorg etter tap av sine næraste, og gje dei mange gongar attende for den og det dei no har mista. Eg prisar deg som let alt samverka til det gode for dei som elskar deg. 
Gje truande i Nigeria ditt sterke vern, og ver du ei fast borg for dei.
Du som har gjort kyrkja i Nigeria til eit fyrtårn på jorda. Vara ho i kjærleik til fiendane sine slik at dei kristne ikkje gjengjelder vondt med vondt, men overvinn det vonde med det gode.
Takk for all den frimot som denne kyrkja har demonstrert dei siste åra. Lat det som no skjer i landet berre føra til at dei kristne blir enno sterkare, enno ivrigare og enno tydlegare enn før.
Hjelp styresmaktene til å utøva sitt kall på ein effektiv måte.Syn dei korleis dei skal få kontroll over dei valdelege i landet, fengsla og straffa drapsmenn og hindra at slike ting som dette hender.  
Så ber eg om at Nigeria skal få eit rettferdig styre som fjernar korrupsjonen i landet, og som jobbar for å byggja nasjonen og fordela rikdomar og ressursar på ein rett og god måte. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...