MacArthur Arbado, ein av dei eldste i Bible Baptist Church i Carmen,
Cotabato, Mindanao vart myrda den 10.november på vegen heim til farmen sin. Han
vart skoten i foten, magen og ryggen før overfallsmennene halshogde han. Mac
Arthur etterlet seg kona Lolita og 13 barn. Dette melder Voice of the Martyrs i sitt siste
nyheitsbrev.
Familien har mange muslimske naboar, men har alltid hatt eit godt og
venleg høve til desse. Dei som drap han kjem truleg frå ei muslimsk
seperatistgruppe i området.
Herre Jesus, eg ber i ditt
namn om at du gjev familien til MacArthur den trøyst og hjelp som berre du kan
gje sørgande menneske. Du som er vår store forsørgar, gje denne familien alle
den assistanse som dei treng for livsopphald. Må drapsmennene hans verta
arresterte og pådømt rettferdig straff for ugjerninga, og må dei få møta din
guddommelege kjærleik ogbli frelste frå sine synder.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar