Det er 11
380 000 nord-jemenittar. Dei er heilt unådde. Nord-jemenittane snakkar sanaani-arabisk.
Ingen deler av Bibelen er omsett til dette språket, ei heller Jesusfilmen eller
lydbibelen.
Dei
nord-jemenittiske mennene tygg dagleg det narkotiske stoffet kat, noko som
sløvar dei ned og demoraliserer dei kraftig slik at dei misser evna og lysta
til å ta ansvar for familiane sine. Mange blir valdelege og funksjonsudyktige
samfunnsborgarar. Jemen har då også i årevis vore prega av borgarkrig.
Halvparten
av den jemenittiske økonomi er knytt opp til kat.
Kjære Jesus! Det er lett for oss å utvikla
forakt for folk som steller seg så dårleg som jemenittane. Men du elskar dei av
hjarta og har store og gode planar for dei. Kongen over alle kongar, intervener
med di makt, din rett, di kraft, di sanning og din godleik mellom
nord-jemenittane. Hjelp dei til å ta eit oppgjer med rus og vondskap, og fri
dei frå synd og tvang. Herre, kom til dei med ditt lys slik at dei ser
ulikskapen mellom lys og mørkret, og vel lyset framfor mørkret, deg framfor
djevelen. Send dine modige pionerar inn i Jemen, og ta vare på dei med di
mektige hand. Amen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar