onsdag 24. oktober 2018

Sierra Leone

Sierra Leone er eit land med vel 6 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Freetown med omlag 1 million menneske. Landet var heimsøkt av ein fælsleg borgarkrig frå 1991 til 2002 med mange titusen drepne og 2 millionar som vart drivne på flukt. Krigen handla om kontrollen over gull og diamantgruver, og retten til dei mange andre rike naturressursane i landet. Det er ironisk, men eitt av dei rikaste landa i verda med tanke på naturressursar vart det fattigaste av alle pga menneske sin dårskap og vondskap. FN intervenerte med britiske styrkar i 2002 og fekk slutt på denne utarmande krigen, og etter den tid har økonomien gått framover.

Landet vart i utgangspunktet skipa i 1797 av frigjevne slavar frå Amerika. Dei fleste innbyggjarane er muslimar. Berre 13% er kristne. Om lag like mange er animistar. Kristen misjon vert i hovudsak driven i den siste gruppa, sjølv om muslimane også syner seg mottakelege.

Mange innflytelsesrike menneske er med i okkulte grupper som spreier vondskap og grådigskap.

Landet var tungt råka av ebolaepedemien for nokre år sidan, og dessutan er malaria og HIV eit stort problem.

Gode Far! Sjå i nåde til Sierra Leone. Må riket ditt koma og viljen din råda i dette landet, og namnet og ordet ditt bli akta høgt og få makt i heile nasjonen. Løys folk frå djevelens makt og frå islams og okkultismens lenker. Takk Jesus at du vann over alle vonde makter på krossen, takk at det er siger, tilgjeving og evig liv i deg for alle Sierra Leones innbyggjarar. Reis opp og utrust kyrkja di i landet, og utrust henne til å fordriva vantru og synd og vera eit lys som sigrar over mørkret. Gjer dine disiplar modige og stolte, og gje dei evne til å tola motstand og forfølging. I Jesu namn! Amen!


Dagens unådde folk: Muong frå Vietnam

Dette er ei stor folkegruppe i tidlegare Nord-Vietnam med 1 404 000 medlemmer. Dei snakkar sitt eige språk, og er animistar. Sidan kommunistane overtok makta i Vietnam på 70-talet har muongane opplevd enorme endringar i og med at dei har bevega seg frå eit føydalsamfunn til eit sosialisme. Dei har gjennom historia levd i eit aristokratisk system der den absolutte makta låg hos hovdingen. Slik er det ikkje lenger.

Gode pappa! Du er så inderleg glad i desse muongane, og noko av det unike i deg har du lagt ned i dei. Me ber deg, gjer deg til kjenne for dei på mange ulike måtar. Tal til dei gjennom naturen og gjennom draumar og syner som du let dei få. Send apostlar til dei for å etablera eit bruhovud for ditt rike inn i til dette folket. Bryt djevelens makt og herredøme over dei. Me berre sannar at Jesus Kristus er den einaste rettkomne Herren over muongfolket, og dei skal alle bøya kne for Han og sanna til Gud vår Fars ære at Jesus Kristus er Herre!


fredag 19. oktober 2018

Saudi Arabia

Saudi Arabia er i sterkt fokus desse dagane etter at eksiljournalist Jamal Kashoggi vart drepen i det saudiske konsulatet i Istanbul for to veker sidan. Det synest ganske klårt at ordren om drapet kom frå den mektige prinsen i landet, Mohammad bin Salman. Kashoggi har skrive svært kritiske artiklar i Washington Post mot regimet i hovudstaden Riyadh.

Dette landet står for 25% av verdas oljeproduksjon, og er strategisk plassert i Midt-Austen. Av den grunn har USA gjennom mange lagt stor vekt på å vera ein alliert med dei. Mordet på Kashoggi set dette venskapet på prøve.

Folketal: 28 571 000. Immigrantar (arbeidsinnvandrarar) utgjer 37% av befolkninga. Landet har ei utstrekning på 2 240 000 km2, i det store og heile eit veldig ørkenområde.

Saudi Arabia er islams heimland og festningsverk. Det var her Muhammed budde, fekk openberringane sine, forkynte og starta sverdmisjonen sin. Kongen i Saudi Arabia ser det som sitt store oppdrag å verna dei heilage byane Mekka og Medina, og å fremja islams sak i verda.

Landet er eit eineveldig monarki, og blir styrt diktaturisk av familien Saud.
På 1700-talet aksepterte kongen wahabbismen som den rette tolkninga av islam. Wahabbismen er prega av svært strenge reglar, og Saudi Arabia bruker i dag store summar for å spreia denne ekstreme islamversjonen over heile verda.

5,43% av befolkninga er kristne, men dei er i hovudsak utlendingar.

Det er ganske vasstette skott mellom framandarbeidarar og den innfødde befolkninga, og alle former for kristen misjon er strengt forbode og blir straffa hardt. Gjerne med mange hundre piskeslag, og saudiarabarar som kjem til tru og blir oppdaga, blir avretta. Likevel skjer akkurat det i aukande grad. Det er eit mirakel.

I dette landet eksisterer ikkje menneskerettane i det heile tatt. Etter Nord Korea ligg landet som nr 2 på verstinglista til Opne Dørar over land som forfølger kristne.

Landet fører i desse dagar ein nådelaus og brutal   krig i Jemen, og blokkaden av landet gjev årsak til ein svoltkatastrofe som verda ikkje har sett sidan Biafrakrigen i Nigeria på 70-talet. Bilete av radmagre og utsvelta barn er enno en gong å sjå på TV-skjermane våre. Men no er det ingen Elias Berge som kjem barna til hjelp.

Men Jesus er likevel i Saudi Arabia og gjer sine gjerningar i det stille. Kristne "muslimar" opererer som løynde Kristusagentar i landet, og dei er å finna i Mekka under den årlege pilgrimsreisa. Dei går saman med dei andre pilgrimane rundt kabasteinen, og med profetisk innsikt ber dei stille for folk i Jesu namn, og der i islams sentralheilagdom vert menneske frelst frå sine synder og lækte for sine sjukdomar. Dette kan me lesa om i Tom Doyle si bok "Drømmer og syner" som kom ut for 3-4 år sidan. Tom Doyle har skrive tre bøker om kva Jesus held på med i Midt-Austen for tida, og dei bør lesast av alle.

Kjære Herre Jesus Kristus, kongen over kongane og Herren over herrane på jorda. Ditt rike står gjennom alle tide, og ditt herredøme varer frå slekt til slekt. Takk for det du gjer i dag i Saudi Arabia, dette landet som Satan har som festningsverk for sitt religiøse hovmot. Me prisar og takkar deg fordi du er større enn djevelen både i makt og kløkt, og du gjer dine gjerning i dette landet gjennom folk som stille hevdar ditt ord og som let seg fylla av din Ande. Me ber deg om at evangeliet skal spreia seg som ein grasbrann frå hjarta til hjarta til heile landet står i fyr og flamme for deg. Hald di vernande hand over venene dine, gjer dei kloke som slangar og einfelde som duer, og må Andens mektige kraft og nåde renna ut frå dei og skapa liv i døde og tørre ørkenhjarto. 
Herre Jesus, du som bar bort verdas synd, må frukta av din død og di oppstode blir alle saudiarar til del. Må dei sjå at du er den sanne Gud som levde, døydde og stod opp for å gje dei evig frelse som ei gåve. Riv ned alle tankebygningar i dette landet som reiser seg mot kunnskapen om deg, lat dei berre smuldra bort og leggjast på historias søppelhaug. Må lyset frå ditt ansikt gjennomlysa alle menneske i Saudi Arabia, også kongefamilien, og avsløra og avdekka alle dei løgnene som dei i dag byggjer liva sine på og som fører dei mot evig fortaping og dom. Herre Jesus, miskunna deg over Saudi Arabia, i ditt mektige namn, amen!


onsdag 17. oktober 2018

Rwanda

Rwanda ligg i hjarta av Afrika. Det bur 12 millionar menneske i landet fordelt på 12 folkegrupper som snakkar 5 ulike språk. 90% av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje, 26,9% er evangeliske medan resten tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. Den massive aust-afrikanske evangelsike vekkjinga som braut ut i 1930, og som varer enno, starta i Rwanda.

Landet vart heimsøkt av ein fælsleg folkemord i 1994 då hutustamma på 100 dagar slakta ned 800000 tutsiar. Over 1 millon menneske flykta til nabolanda. Ein kan berre undrast over at slikt kan skje i eit land med ein så stor prosent kristne, og kan berre forklarast ut frå overfladisk tru og demonisk aktivitet. Men dette er me så visst ikkje ukjende med i Europa heller.

Etter folkemordet har økonomien gått rett oppover i Rwanda. Den er ein av dei raskast veksande i Afrika.
Den evangeliske rørsla har også skote fart etter 1994,  ikkje minst pga at den katolske kyrkja i stor grad svikta i kampen for rettferd under massakrane.


Politisk må me sjå på Rwanda i dag som eit vlefungerande diktatur. President Paul Kagama har nærast uinnskrenka makt.

Dette året har gjeve mange evangeliske kyrkjer store vanskar. 700 av dei er blitt stengde ned og forbodne fordi styresmaktene meiner pastorane deira har for lite utdanning. No krev dei minst ein bachelorgrad i religiøse studier for å kunna tenestegjera i ei kyrkje. Styresmaktene meiner at det blir for lett å skipa kyrkjelydar, og at det også blir for mykje heimastrikka kristendom. Dette har i særleg grad gått ut over små pinsekyrkjer. Leiaren for dei, Bosco Nsabimana,  undrar seg på kvifor styresmaktene ikkje også stenger ned nattklubbar og barar (www.dagen.no, 15.juli 2018). Det er vanskeleg å sjå på dette som noko anna ein del av djevelens kamp mot Guds rike.

Gode Gud og Far! Velsign kyrkja di i Rwanda. Lat dei få følgja deg som trufaste disiplar, vera lys og salt i samfunnet uansett kva kår dei må finna seg i å leva under. Utrust dei med din kjærleik, med profetiske gåver og med Andens mektige eld. Må sann vekking gripa heile landet og fordriva djevelen frå sjelene. Må ditt lys fløyma over folka og Anden din bli aust ut over alle menneske, slik du har lova. Hald auga med motstandarane, og gje dine tenarar å forkynna ordet ditt med frimot, og rekk du ut di hand slik at under og teikn skjer i din tenar Jesu Kristi namn. Fyll dei truande med visdom, gje dei ein bibelfundert kristendom, og lat ingen kunna motså den innsikt du gjev dei. Vern dei mot uheldige og tåpelege avvik, og bevar dei i moralsk og dogmatisk reinleik. Me ber i Jesu namn, amen! 


mandag 15. oktober 2018

Russland III. Minoritetsgrupper

Det var i 2010 78 heilt unådde folkegrupper i Russland. Til saman er det snakk om 13 millionar menneske. Institutt for Bibeloversetting (IBT), med hovudkontor i Moskva, har ansvaret for 45 pågåande bibeloversettingar. Les meir om dette instituttet på heimesida deira: http://ibt.org.ru/en.

Det er 17 millionar muslimar i Russland. Dei aukar i tal, medan russarane minkar. Rundt neste århundreskifte kan muslimane vera i fleirtal. Då er det viktig at dei kjenner Jesus og har vendt seg til han.

Det er framleis 250 000 jødar i Russland. 10 000 av dei er messianske.

Av alle sigøynarane i Russland er 5% evangelisk kristne.

Ingen har nokon nådd dei 1 million kinesarane i dette riket med evangeliet.

16,5 millionar russarar lever som minoritetar i nasjonar som før var ein del av Sovjetunionen, men som vart sjølvstendige rundt 1990.

Gode Gud og Far! Du sende Sonen din til verda for å frelsa alle menneske og opplysa dei med ditt ord og din Ande. Me ber om at alle Bibelen skal bli omsett til alle levande språk i Russland, slik at ditt gode lys kan skina for alle i dette veldige riket. Gje IBT alt dei treng for å kunna fullføra den veldige oppgåva dei har påteke seg. Må alle som i dag bøyer seg for Allah, måtta bøya seg for Jesus og sanna at det er Han som er Herre, til di ære. Gje alle jødar i Russland ei djup forståing av at Jesus er deira Messias, bøya seg for han og ta imot frelse ved tru utan gjerningar. Må Andens eld fanga inn alle sigøynarar, slik han gjer andre plassar i Europa. Send arbeidarar ut til din haust mellom dei russiske kinesarane, og me ber om at alle russarar som lever i diaspora skal få eit møte med den levande Jesus, slik at dei ikkje berre har ein kristen religion, men at dei kjenner deg, den einaste sanne og levande Gud, og Han du sende, den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus. Amen!

søndag 14. oktober 2018

Pastor Andrew Brunson er sett fri etter meir enn to år i tyrkisk fangeskap

Image result for andrew brunson
I går kom Andrew Brunson attende til USA etter over to år i tyrkisk fengsel og husarrest. For ikkje å mista heile fjeset, dømde tyrkisk høgsterett han til noko over 3 års fengsel og spionasje og terrorplanlegging (det er ei strafferame på 35 år for slikt i Tyrkia), men sidan han alt hadde opphalde seg så lenge i fengsel og oppført seg så fint, vart han sett fri. Soning fullført, sa tyrkisk høgsterett, og fekk slik løyst den diplomatiske konflikten mellom USA og Tyrkia, ein konflikt som har råka Tyrkia massivt økonomisk. Lat oss takka Gud for at dette marerittet er over for Andrew Brunson, familien og kyrkjelyden han har bygd opp og er pastor for i Izmir. Framtida hans er ukjent for meg. Det er også grunn til å takka Donald Trump for hans faste måte å handtera denne saka på. 

Gode Gud og Far! Takk at Andrew Brunson no er ein fri mann. Me ber om at du skal hjelpa han og familien til å koma til hektene att, og syna dei kor din veg for dei går vidare. Me ber også om at du held di gode hand over kyrkja i Izmir, at du lækjer og fornyar henne ved din Heilage ande og ditt gode ord. Amen! 

Russland 2

Etter at kommunismen, jernteppet og Sovejtunionen kollapsa i 1991, fekk den ortodokse kyrkja ein renessanse, kyrkjene vart pussa opp og gudstenestene reetablert, og talet på ateistar er blitt meir enn halvert etter den tid. Samstundes gjekk mange evangeliske kyrkjer tungt inn med misjon i Russland, og talet på slike kyrkjer har dobla seg, og medlemstalet tredobla seg (2010). Bibelmisjonen tok seg også kraftig opp, og det vart sett i gong ei mengd med bibeloversettingsprogram, særleg i Kaukasusområdet der språkrikdomen er stor. Men pionertida har teke slutt, og veksten har stagnert.

Lat oss be:

Gode Gud og Far! Størstedelen av det russiske folket lever enno i sine synder, og dei kjenner ikkje deg og den frelsesgåva du har gjeve menneskeætta gjennom Jesus. Må din Ande kvila sterkt over kyrkja di i Russland og utrusta og inspirera russiske kristne til å disippelgjera sine eigne landsmenn over heile dette veldige riket. Å Herre Jesus, du som tok bort verdas synd med ditt fullkomen offer, må ditt Ord bli forkynt med kraft over heile Russland, og frukta av ditt offer bli alle russarar til del. Me ber i ditt eige namn. Amen!



Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...