torsdag 31. mars 2022

Den sentralafrikanske republikk

 

CIA world factbook

Den sentralafrikanske republikk var fransk koloni fram til 1960. Landet har eit areal på 622884 km2, og eit folketal på 5,4 millionar. Klimaet er tropisk.  Landet er ekstremt rikt på naturressursar, men folket lever i djup fattigdom. Dette har sin årsak i vanstyre og eit utal med militærkupp dei siste 30 åra. Det er litt sånn "alle mot alle", og folk er kua av væpna grupper som susar rundt og terroriserer utan at regjeringa får kontroll på dei. Hundretusenvis av mennesker har pga alle dei væpna konfliktane, måtta flykta frå heimane sine. 

Landet er sett saman av 9 store folkegrupper. Fransk er nasjonalspråket, medan sango vert nytta som handelsspråk. I tillegg blir det til dagleg snakka 91 ulike stammespråk. Bibeloversetting er ei utfordring.  89% tilhøyrer kristendomen, 9% islam og 1% er animistar. Kristendomen har hatt vind i segla, men nye kristne får slett opplæring, og der som mange andre stadar i Afrika, er synkretisme eit stort problem.  

Gode Gud! Me ber om at Den sentralafrikanske republikk skal få eit sterkt, rettvist og stabilt sivilt  styresett som klarar å kua alle dei væpna gruppene som skaper uro og frykt i landet. 
Styrk og velsign kyrkja di i landet, og lat det gå ei mektig velsigning av liv og frelse ut frå henne. Reis opp åndelege leiarar som kjenner deg og ditt ord, og som er i stand til å disippelgjera nye kristne. 
Må heile landet ein dag finna seg bada i ditt ransakande og lækjande lys. 

Kjelder: CIA World factbook og operationworld.org

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...