Peru har over 34 millionar innbyggjarar. 95,5% er kristne i følgje Operation World. 11,6% er evangelisk kristne. Resten er katolikkar.
Hovudstad: Lima
Styresett: Republikk
Peru er eit fattig land med stor avstand mellom fattig og rik.
Det har gjennom dei siste åra vore mykje politisk uro, mange politiske kriser i dette landet og tidvis borgarkrigsliknande tilstandar.
Dei evangeliske kyrkjene har dei siste 65 åra auka kraftig i tal og storleik.
Synkretisme er eit stort problem, særleg i dei katolske kyrkjene der folk blandar gamle etniske religiøse forestillingar og praksisar inn i den kristne trua. Det opnar for vonde åndsmakter i kyrkjene og i dei enkelte sine liv.
Gude Gud og Far!
Velsign Peru med gode leiarar.
Me ber om fred og stabilitet.
Må ditt rike gå fram i dette landet.
Må mange nye koma til tru, kyrkjer bli etablert over heile landet og fyllast med lovsyngande menneske tente i brann for Jesus.
Reins kyrkja di i Peru for alt avguderi.
Me ber om rettferd for dei fattige og undretrykte.
Me ber om eit godt utvikla utdanningssystem, rettsvesen og helsevesen.
Me ber om styrking av demokratiet.
Me ber om respekt for menneskerettane.
Me ber om eit produktivt næringsliv.
Me ber om gode avlingar.
Me ber om ein rusfri befolkning.
Me ber om stabile heimar og gode oppvekstvilkår for barn og unge.
Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar