Viser innlegg med etiketten fransk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fransk. Vis alle innlegg

lørdag 24. mai 2025

Dagens unådde folkeslag: Jødar i Frankriket

 

Det er 442 000 jødar i Frankrike. Dei snakkar fransk. Jødar har budd i Frankrike i minst 2 000 år. Forfedrane deira kom til området under Romarriket. Sidan då har dei hatt sterk innverknad på utviklinga av Europa, så vel som på tradisjonane til jødar over heile verda. I Frankrike, som i andre delar av Europa, har dei møtt bølgjer av forfølging, og i vår tid kjem denne forfølginga frå radikale muslimar. Det er blitt skikkeleg vanskeleg for jødar i Frankrike dei siste tiåra. 

Mange jødar i den yngre generasjonen er fråkopla frå sin jødiske identitet. Dei følgjer ikkje jødiske tradisjonar og blir raskt assimilerte inn i fransk kultur. Som mesteparten av Frankrike og Europa, er dei i aukande grad sekulære og uinteresserte i åndelege spørsmål.

Eit bibelord: "Dersom ikkje Herren byggjer huset, arbeider bygningsmennene forgjeves. Dersom ikkje Herren vaktar byen, vaknar vaktmannen forgjeves." Salme 127:1

Be om at denne folkegruppa forstår at alle innsatsane deira er verdilause med mindre dei underordnar dei Herren.

Be om at Den Heilage Ande vil gje misjonsorganisasjonar nye idear for å disippelgjere jødane i Frankrike. Be om at Gud talar til jødane på måtar som bryt gjennom distraksjonane og støyen i det moderne livet. 

Misjonsaktivitet retta mot studentar, sport og sosiale nettverk kan vere effektivt for å nå den yngre generasjonen av jødar i Frankrike. 

Be om at Gud reiser opp salva arbeidarar for å nå ungdommen.

Be om at Gud beskyttar jødane i Frankrike mot antisemittisk forfølging. 

torsdag 31. mars 2022

Den sentralafrikanske republikk

 

CIA world factbook

Den sentralafrikanske republikk var fransk koloni fram til 1960. Landet har eit areal på 622884 km2, og eit folketal på 5,4 millionar. Klimaet er tropisk.  Landet er ekstremt rikt på naturressursar, men folket lever i djup fattigdom. Dette har sin årsak i vanstyre og eit utal med militærkupp dei siste 30 åra. Det er litt sånn "alle mot alle", og folk er kua av væpna grupper som susar rundt og terroriserer utan at regjeringa får kontroll på dei. Hundretusenvis av mennesker har pga alle dei væpna konfliktane, måtta flykta frå heimane sine. 

Landet er sett saman av 9 store folkegrupper. Fransk er nasjonalspråket, medan sango vert nytta som handelsspråk. I tillegg blir det til dagleg snakka 91 ulike stammespråk. Bibeloversetting er ei utfordring.  89% tilhøyrer kristendomen, 9% islam og 1% er animistar. Kristendomen har hatt vind i segla, men nye kristne får slett opplæring, og der som mange andre stadar i Afrika, er synkretisme eit stort problem.  

Gode Gud! Me ber om at Den sentralafrikanske republikk skal få eit sterkt, rettvist og stabilt sivilt  styresett som klarar å kua alle dei væpna gruppene som skaper uro og frykt i landet. 
Styrk og velsign kyrkja di i landet, og lat det gå ei mektig velsigning av liv og frelse ut frå henne. Reis opp åndelege leiarar som kjenner deg og ditt ord, og som er i stand til å disippelgjera nye kristne. 
Må heile landet ein dag finna seg bada i ditt ransakande og lækjande lys. 

Kjelder: CIA World factbook og operationworld.org

torsdag 27. april 2017

Den demokratiske republikken Kongo

A map of Congo-DRC class=
Kongo har nesten 70 millionar innbyggjarar fordelt på 2,345,410 km2. Tidlegare belgisk koloni.  Hovudstad: Kinshasa.
I følgje Operation World er 92,15% kristne. 18,7% evangeliske.
Frå naturen si side er Kongo eit uvanleg rikt land. Men ein langvarig og brutal borgarkrig, har gjort folk flest fattige. Meir enn 3 millionar menneske er blitt slakta ned dei siste 15 åra, og av dei som lever er mange, mange alvorleg traumatiserte, ikkje minst kvinner som er blitt utsette for fælslege valdtekter. Det er dagens orden i Kongo.
LRA og "Herrens motstandshær" rekrutterer hundretusenvis av barnesoldatar som vert trente til å utøva valt hinsides det me kan førestella oss. Her råder djevelen over menneska.
Folk flyktar i store mengder frå krig og vald, og landet har eit stort internt flyktningeproblem. Mange flyktar også til naboland.
Historisk sett skal det vera kong Leopold av Belgia som har starta valdsspiralen i Kongo.
Innbyggjarane i landet snakkar 217 ulike språk. Fransk er administrasjonsspråk.
Kyrkjene veks, men hekseri og avguderi av ulikt slag blir ofte blanda inn i folks trusliv.
  • Be om eit gjennombrot for Guds rike i Kongo.
  • Be om fred og forsoning mellom folkegrupper.
  • Be om eit rettferdig rettsoppgjer etter år med redsler.
  • Be om lækjedom for dei mange skadde og traumatiserte menneska
  • Be om ukorrupte, ærlege, kloke og rettsindige politiske leiarar
  • Be om at dei mange som har vore barnesoldatar skal få den hjelp dei treng for å ta att ein tapt barndom og ungdom.
  • Be om at internflyktningane skal få det livsnaudsynte, og at dei skal få venda attende til heimplassane sine.
  • Be om at namnekristne skal bli frelst og fødde på nytt ved Den heilage ande.
  • Be om ei djup Apg.19-vekkjing mellom dei kristne slik at dei vender om frå alle former for hekseri, avgudsdyrking, magi, horeri, bedrageriog annan vondskap.
  • Be om at dei kristne skal lesa Bibelen og lyda Gud i alle ting.
  • Be om at Bibelen skal bli omsett til alle språk som har trong for ei oversetting.
  • Be om at kyrkjene skal få fromme, åndsfylte og karakterfaste leiarar som elskar Gud og folk, og som har eit solid bibelsk fundament for tenesta.
  • Be om at dei truande skal bli disippelgjort på skikkeleg måte, og at dei i alle ting skal likna på Jesus.
  • Be om ein ny misjonsvisjon i kyrkjene
  • Be om at det skal plantast nye kyrkjelydar der det er naudsynt.
  • Be om einskap og fred mellom kyrkjesamfunna.



mandag 2. mai 2016

Republikken Kongo, tidlegare Fransk Kongo


Republikken Kongo er 342000 kv. km. Befolkninga er på vel 4 millionar. 60% av arealet er dekka av tropisk regnskog. Denne står i stor fare pga avskoging. Etterspurnaden etter tropisk tre er stor i verda. 
Landet er ein gamal framsk koloni. 84% av befolkninga er lese og skrivekyndige. Administrasjonsspråket er fransk. 
Landet har store naturressursar som har ført til ei uendeleg rekke med borgarkrigar som utarmar befolkninga. Fattigdomen er svært stor. 50% lever under FN`s absolutte fattigdomsgrense. 
Bantustamma dominerer (91,7%). Denne er delt inn i mange undergrupper med kvar sine stammespråk. Totalt er det 62 innfødde språk i Kongo, og det vil vera trong for bibeloversetting i 28 av dei. 
Landet vart fri frå fransk administrasjon i 1960. Ei marxist-leninistisk regjering styrte landet fram til 1991. Då fall kommunismen saman. Etter 7 år med fælslege krigshandlingar og store øydeleggingar, kom den gamle raude presidenten Denis Sassou-Nguesso igjen til makta. Han vart siste gong attvald i år. 
90% av befolkninga er kristne eller tilhøyrer ei kristen kyrkje. Dei fleste er naturlegvis romersk katolske, men det er så mange som 1 million protestantar/evangelisk kristne i landet.  Den årlege kyrkjeveksten er gjennomsnittleg på 2%. 

  • Be om at Gud skal velsigna dette naturrike landet med gode, venlege, rettferdige og kloke leiarar.
  • Be om forsoning mellom folkegrupper som gjennom mange år har stått opp mot kvarandre og påført kvarandre fælslege lidingar
  • Kongo har blitt kristna, men aldri omvendt. Over 50% av dei kristne praktiserer okkultisme og er under djevelens kontroll. Be om ei gjennomgripande vekking, at Guds rike skal koma med kraft til Kongo og at folket skal bli fridd ut frå mørkers makter. 
  • Be om at alle restar av kommunistisk ateisme må reinsast ut av lovverket og ut av folks sinn
  • Kyrkja treng desperat til godt leiarskap. Be om effektiv og god utdanning og fostring av kristne leiarar som kan disippelgjera nasjonen. 
  • Be om einskap på Bibelens grunn mellom dei mange evangeliske gruppene i landet
  • Be om effektiv utdanning av nye kristne leiarar
  • Be om effektivt arbeid blant barn og unge. 41% er befolkninga er under 15 år. 
  • Be om kristne lærarar for barn og unge
  • Be om eit godt fungerande studentarbeid. Det har i mange år våre forbode med ope kristent studentarbeid på universiteta, men det finst bibelgrupper som samlar totalt 120 kristne studentar. 
  • Be om at evangeliet skal nå fram til dei folkegruppene som er heilt unådde, det gjeld i særleg grad pygmeane som lever seminomadiske liv i jungelen. Dei er svært vanskelege å nå.
  • Be om framgang i bibeloversettingsarbeidet, og om pionerånd mellom dei kristne med tanke på å starta opp i nye språkområder. Per 2010 vart det jobba med 13 språk, og Wycliffe er tungt inne. 
  • Jesusfilmen er tilgjengeleg på 12 språk. Be om Guds rikes framgang gjennom denne. 
  • Det eksisterer to kristne radiostasjonar. Be om at dette arbeidet skal ha høg kvalitet, bli gjort kjent og ha gjennomslagskraft i seg.




Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...