fredag 22. desember 2017

Zambia



Areal: 762 618 km2. Hovudstad: Lusaka. Landet ligg på eit slette med ei gjennomsnittleg høgde på 1138 m.o.h. Her er det ein ufatteleg natur der Victoriafalla i sør tek førsteprisen. Elles er det vide savanner med eit rikt dyreliv.
Folketal: 16 millionar. Dei fleste bur i byar lange jernbanelinja mellom Congo og Zimbabwe.  Mange i slum. Forventa levealder er 44 år.
Fekk sjølvstende i 1964. Eittpartisystem fram til 1991. Etter det parlamentarisk demokrati.
Næringsliv: Gruvedrift, i hovudsak utvinning og foredling av koppar. Elles har dei mykje vasskraft. Og sjølvsagt er det mange bønder. Dei siste åra har landet fått mange kinesiske og indiske investorar, noko som er ein del av desse landa sin nykolonisering av Afrika.
AIDS fører til massedød og mange foreldrelause barn.
Det har vore god økonomisk vekst dei siste åra, men rikdomen er ulikt fordelt. Korrupsjon gjennomsyrer samfunnet. Over 85% av befolkninga lever under FN`s fattigdomsgrense.
Det er 80 ulike etniske grupper i Zambia som snakkar 72 ulike språk. Offisielt språk er engelsk. 46 språk har heile eller deler av Bibelen tilgjengeleg.

"Brain drain" er eit stort problem. Dei skarpaste hjernane og flinkaste folka emigrerer gjerne.

Zambia er frå 1991 eit definert kristent land med full religionsfridom. 75% er oppført som protestantar, vel 20% er romersk katolske. Trass i denne kristne profilen, og trass i at Zambia er ei øy av fred midt mellom land som lid under krig og konflikt, er kristentrua overfladisk, og det er lite å sjå av den forvandlande krafta i evangeliet.

Zambia tek imot hundretusenvis av flyktningar frå krigsherja naboland. Dette er ei stor utfordring for eit fattig land.

Flyktningane er sårbare for menneskehandel. Det skjer i stor grad.


  • Takk for fridomen som kyrkja har til å driva misjon utan avgrensningar
  • Be om at evangeliet må gå på djupet med folk og forvandla samfunet frå innsida
  • Be om at dei unådde folkeslaga skal bli nådde og få høyra evangeliet på morsmålet
  • Be mot grådighet og korrupsjon
  • Be om at dei flinke folka skal sjå det som eit kall å bli verande og leggja ned energi og tankekraft for å byggja landet
  • Be om at folket og kyrkja skal bli reinsa frå all type avguderi og okkultisme
  • Be om at landet skal få eit oppgåande og nærverande helsevesen
  • Be om at barn og unge skal få den grunnutdanninga som dei treng for å klara seg i ein moderne verden. 
  • Be om at flyktningane i Zambia skal bli godt tekne vare på og få framtid og håp.
  • Be om at styresmaktene skal få ressursar nok til å handtera situasjonen
  • Be om at Gud skal stoppa menneskehandlarar, og gje styresmaktene kraft og klokskap til å demma opp for denne djupe uretten. 




Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...