søndag 24. desember 2017

Zimbabwe























390 767 km2. 13 800 000 innbyggjarar. Hovudstad: Harare. 97,8% er bantuar frå ulike stammer.
Offisielt språk: Engelsk. Antal språk: 22. Alle er bibelspråk

Zimbabwe gjennomførte sine første frie val i 1980, etter mange års krig mot det kvite mindretalsstyret. Robert Mugabe vart president, og har etter den tid degenerert som leiar, køyrt landet i kne på alle måtar og vart i sist månad avsett av dei militære, og visepresident . Emmerson Mnangagwa kom inn og tok plassen hans. Om det fører til noko som helst, gjenstår å sjå.

Dei siste åra har mellom 25 og 50% av befolkninga flykta frå landet. Mykje av grunnen til dette er HYPERINFLASJON. Dei pengane folk får utbetalt den eine dagen er ingenting verd den neste. Det er ein av dei store nasjonale katastrofane i vår tid. Arbeidsløysa i Zimbabwe er 90%. Forventa levealder er under 44 år.


  • Kyrkja i Zimbabwe har hatt ein markant vekst midt i alle prøvingar staten har påført befolkninga og dei truande. I alt vanstyre er kyrkja blitt ein oase, eit fyrtårn og ei von for menneska. Det føregår ei massiv og målbevisst kyrkjeplanting i landet, og dei truande når måla sine. Tusenvis av nye kyrkjer blir planta kvart år.  Be om at nye truande må læra seg å leva som Jesu disiplar, og om at nye leiarar av rett format skal bli skapte og forma. 
  • Be om at landet skal bli kvitt inkompetente, uærlege, brutale, kriminelle, nepotiske, bedrageriske og sjølvopptekne leiarar, og bli velsigna med gudfryktige leiarar, sanne, heilstøypte demokratar med ei høg ånd som styrer skuta etter Guds gode ord, og som respekterer Menneskerettsfråsegna. 
  • Skule og utdanningssystemet, samt helsestellet,  har kollapsa. Be om attreising.
  • Etter at Robert Mugabe stal jordbruksland frå dei kvite og gav det til inkompetente krigsveteranar, har matproduksjonen stoppa opp. Landet som før var ein eksportør av mat, er no avhengig av matvarehjelp frå utlandet. Folket har måtte brødfø seg på jakt, og meir enn 2/3 av alle ville dyr er blitt utrydda dei siste åra. Be om gjenoppbygging av landbruket. 
  • AIDS-epedemien tek 2000 menneskeliv per veke. Be om at folket skal venda om frå seksuell promiskuitet, at dei lærer seg å leva reint og halda seg til ektefellen sin. 
  • All død og emigrasjon har tappa Zimbabwe for kompetanse. Be om at gode folk må venda attende til heimlandet og starta gjennoppbygging av landet.
  • Be om at kyrkja skal bli ei profetisk stemme overfor styresmaktene, og ansvarleggjera dei styrande innfor Gud. 
  • Be om einskap mellom dei truande. Det har vore enormt mykje splitting i den evangeliske og protestantiske leiren. 
  • Be om at kyrkja skal bli reinsa for okkulte praksisar som dei truande har med seg frå den animistiske fedretrua.
  • Be spesielt for byane. Slumområda esar ut, kriminaliteten rår, lov og rett har stoppa opp og få kjenner Kristus der. 





Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...