søndag 5. mai 2019

Burkina Faso 28. april: Pastor Pierre Ouèodraogodo og fem kyrkjemedlemmer drepne under gudsteneste

Martyred pastor Pierre Ouédraogo
Pierre Ouèodragodo har vore pastor i ei pinsekyrkja (Assamblies of God) i byen Sirgadji i 40 år.  Sist søndag vart han skoten medan han forkynte Guds ord. Eit dusin tungt væpna islamistar (truleg frå Al Qaida) storma inn på gudstenesta og skaut han og fem andre truande. Mellom dei var sonen og svigersonen til pastor Ouèodragodo. Terroristane forsvann etterpå på motorsyklanr sine. Ingen er så langt arresterte. Dette melder Christianity Today og World Watch Monitor.

Burkina Faso er eit land i sahelbeltet nord for Elfenbeinskysten og aust for Mali. 60% er muslimar medan 25% er kristne. Dei har levd fredeleg saman i årevis, men i den siste tida har det kome inn terorgrupper frå Mali for å destabilisera landet. Lenge var åtaka deira retta mot meir tilfeldige mål. Men no er styresmaktene redde for at dei skal gå meir direkte på kristne.

FEME president Henri Yé speaks at a press conference in the capital, Ouagadougou.
Henri Ye er president i FEME (Federation of Evangelical Churches and Missions in Burkina Faso). På ein pressekonferanse tysdag 30. april formante han alle truande til å møta dei som hatar med Kristi kjærleik. "Det er kyrkja sin rolle i denne vonde verda," sa han, "og det den me er kalla til å leva ut i full skala. Hemn er ikkje vår veg. Me skal vera vaktpostar, og Gud skal sørgja for at hans namn vert herleggjort, også i vanskelege tider."

Kjære Herre Jesus! Du ser all den sorg og naud som ligg i det som her har skjedd. Du høyrer ditt folks rop. Ta dei i din famn, og ta heile saka deira i dine hender. Reis deg og sprei fiendane dine. Gjer dei som planlegg slike vonde handlingar makteslause. Hald kyrkja di oppe, og gjer dei truande alt meir dedikerte med tanke på å fullføra misjonsbefalinga i Burkina Faso. Amen!





Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...