søndag 5. mai 2019

Kuba

Cuba Map
Areal: 110 860 km2. Folketal: vel 11 millionar. Hovudstad: Havanna. Styresett: kommunistisk diktatur. 56,5% kristne. Økonomi: Jordbruk 4% (sukker, tobakk, appelsiner, ris, kaffi, bønner, husdyr). Industri 22% (næringsmiddel, petroleumsprodukt). Tenesteytande næring 74%

Kuba står framfor ei mørk framtid. Økonomien er elendig. Den svakaste i Karibia. Djup fattigdom har ført til ein enorm svart økonomi, høg kriminalitet, narkotikamisbruk og prostitusjon. Over ein million menneske lever som flytningar i USA. Landet har 500 000 politiske og religiøse fangar. Menneskerettane har inga betydning for dei som sit ved makta. Kommunismen har spelt fallit, men leiarane kontrollerer hæren og stivheld på makt og privilegier.

Den katolske kyrkja er dominant, men full av synkretisme. Det er ikkje lett å sjå kor kristentrua stoppar og afro-kubansk spiritisme tek over.

Lyspunkt: Evangliske kyrkjer melder om spektakulær vekst. Særleg dei pinsekarismatiske.

  • Be om at diasporakubanarane skal finna Kristus, og at dei skal kunna ha positiv innflytelse på heimlandet.  
  • Be om fornuftige reformer, fridom på alle nivå, oppgjer med vondskap og urett, tilgjeving, forsoning og nasjonal lækjedom. 
  • Be om at den katolske kyrkja skal bli reinsa for heidenske åndsmakter. 
  • Takk for framgang for evangeliske kyrkjer, og be om at lyset og krafta frå desse skal transformera nasjonen.
  • Be om gode leiarar for desse kyrkjene.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...