torsdag 30. mai 2019

Tyskland

Germany Map

Areal:357022 km2. Folketal: 80 457 737 (juli 2018). Hovudstad: Berlin. 
Tyskland har gjennom mange år vore Europas økonomiske lokomotiv, og er framleis det. Går det bra med Tyskland, går det bra med Europa. Landet har ein stor, variert og omfattande industriprodukjon. Ein langt større del av befolkninga er involvert i vareproduksjon for eksport enn tilfelle er i Noreg og andre europeiske land. Dette gjev dei ei sterk økonomisk plattform. 

Tyskland er historisk også ei kulturell og åndeleg stormakt. Namn som Luther, Francke, Gutenberg, Goethe, Schiller, Beethoven, Bach, Brahms, Mendelssohn, Schumann og Einstein lyser klårt på den historiske natthimmelen. 

Men Tyskland har også avla Karl Marx og Adolf Hitler, to personar som, saman med Josef Stalin, Mao Zedong og Pol Pot, har påført verdas mennesker større skader enn nokon andre. Til saman har dei sikkert 200 millionar menneskeliv å svara for. Tysklands historie er eit kjerneeksempel på kva som kan skje med ein sterk nasjon som over tid har fjerna seg frå Gud og Bibelen. På 1800-talet var det tyske teologar som med sin bibelkritikk starta med å undergrava Bibelens autoritet. Resultatet vart at kyrkjene tapte si åndelege livskraft, og det vart fritt fram for andre åndsmakter å ta plass på historas arena. 

Slik fall Tyskland for djevelens grep, og vart opphavslandet til kommunismen, nazismen, Holocaust og 2.verdskrigen. 

Etter krigen kom landet seg (med mykje amerikansk hjelp) overraskande fort på beina att, og er i dag saman med Frankrike, garantisten for EU. 

Etter andre verdskrigen vart landet delt i Vest og Aust-Tyskland, men sameina att i 1991.

Den kristne trua får imidlertid stadig mindre å seia for tyskarane. 37% av dei trur ikkje på noko som helst. 28% er katolikkar (mest i sør) og 26% er protestantar. 5% tilhøyrer islam. 

Den store innvandringa til landet har revitalisert mange kyrkjer. Kristne flyktningar og muslimar som konverterer til den kristne trua, utgjer ein stadig større prosent av kyrkjelydane når dei samlast for å feira Jesus.

  • Be om ein ny åndeleg dag over Tyskland, at folket skal høyra Guds tiltale og finna attende til sine åndelege røter i Bibelen og i kraftfulle rørsler som reformasjonen og pietismen. 
  • Be om nytt liv for kyrkjene i Tyskland, og at dei kristne skal leva som sanne disiplar av Jesus.
  • Be om at dei truande skal bli fylte med Den Heilage Ande og utrusta til å vera kraftfulle Kristusvitner i kvardagen. 
  • Be om at landet igjen skal bli eit åndeleg føregangsland i Europa. 
  • Be om at kyrkjene skal få leiarar som elskar Gud og sine medmenneske, trur på Bibelen og forkynner lova og evangeliet utan å kompromissa. 
  • Be om kyrkjene skal bli misjonale, og at dei heilt systematisk skal begynna å reevangelisera landet sitt. 









Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...