mandag 6. mai 2019

Kypros

Image result for kypros
Kypros vart delt i to i 1974 då Tyrkia okkuperte og annekterte den nordlege delen av øya. Den sørlege delen er gresk. Det tyrkarane gjorde i 1974 er aldri blitt godkjent av verdssamfunnet. Frå 2004 har grensa mellom dei to områda vore porøs.

Areal: 9251 km2. Folketal:vel 1,2 millionar. Hovudstad: Nikosia, den siste todelte hovudstaden i verda.  Økonomi og næring: Turisme, industri (15%) og jordbruk (4%).

Der er 75% ortodokse kristne. Ungdom i Oppdrag driv misjon på Kypros, og resultatet er sterkt veksande evangeliske kyrkjelydar mellom ikkje-grekarar, dvs mellom engelsktalande, russarar, iranarar, folk frå Sri Lanka og mellom filippinarar.

Dette er landet apostelen Barnabas kom frå. og der han og Paulus gjorde sin første misjonsinnsats.

Den gresk ortodokse har gjennomført eit stort program med å dela ut Det nye testamentet til alle innbyggjarane i sør. 

Den tyrkiske delen er muslimsk, men befolkninga er sekularisert.


  • Be om at muslimane i nord må bli nådd med evangeliet om Jesus, gjerne av tyrkisk evangeliske kristne frå fastlandet. 
  • Be om at Det nye testamentet skal bli lest av dei som har fått det, og at Guds ord skal skapa tru i hjarto til dei som les.
  • Be om vekkjing og fornying i den gresk ortodokse kyrkja.
  • Be om kontinuerleg vekkjing og vekst i dei evangeliske kyrkjene.
  • Be om at dei ortodokse skal godkjenna dei evangeliske som kristne søsken og vise versa. 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...