Den 25.april rapporterte ei kristen kvinne i Jifna, som ligg litt nord for Ramallah på den såkalla Vestbreidda, til palestinsk politi at ho hadde vore utsett for eit mindre biluhell. Ho meinte at sjåføren i den andre bilen hadde skulda for uhellet, og melde han for dette. Problemet var imidlertid at den andre bilføraren var sonen til ein framståande medlem av Fatah.
Under den neste gudstenesta i kyrkjelyden til denne kvinna dukka det opp ein millits på 30 væpna menn som skaut i lufta og kasta brannbomber i kyrkjerommet. Det vart omfattande skadar. Desse mennene kravde at kvinna skulle trekkja klagemålet mot sjåføren som ho meinte hadde skuld i skadene på bilen hennar.
Palestinske styresmakter sette ned ein såkalla "forsoningskommisjon". Kvinna møtte fram, og for ikkje å setja andre i ein farleg situasjon, trekte ho klagemålet. Dette syner at kristne ikkje har nemneverdig rettstryggleik i dei palestinske sjølvstyreområda.
Kjelde: Middle East Concern og Voice of the martyrs.
Gode Far, styrk dine barn i dei palestinske områda på Vestbreidda og i Gaza slik at dei, trass motstand, vitnar om Jesus for høg og låg. Hjelp dei slik at dei ikkje vert introverte og let seg styra av frykt. Gje dei stor tolekraft og besluttsamheit. Så ber me no for alle som er skræmde etter denne valdsepisoden at du skal dempa skrekken, og me ber om englevakt for desse folka no. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar