Areal: 42434 km2. Folketal: 5,8 millionar. Hovudstad: København. Styresett: Kongedøme/ parlamentarisk demokrati. Folkegrupper: 85. Språk: 13. Religion: Kristendom 74,8%. Islam 5,3%. Andre: 20%. Ganske mange nyreligiøse, også mellom folkekyrkjemedlemmene.
Færøyane og Grønland ligg under Danmark, men har stor grad av indre sjølvstyre.
Danmark er eit topp moderne og høgteknologisk samfunn med gode utdanningsinstitusjonar, topp helsevesen og ein god infrastruktur. Landet er leiande innan farmakologisk industri, fornybar energi og shipping.
Danmark vart, som Noreg, kristna for tusen år sidan på vikingvis. Apostelen Ansgar lanserte den nye trua for danskane på 800-talet, medan kong Harald Blåtann innførte ho med tvang i siste halvdel av 900-talet.
Etniske danskar lever stort sett sekulært. Det er stor spenning mellom desse og den betydningsfulle muslimske befolkninga som i stor grad bur i eigne samfunn som tek imot 40% av alle offentlege bidrag i form av sosialhjelp og trygd.
Denne realiteten har resultert i at Danmark i dag nærast har innført ein av Europas strengaste asylpolitikk.
Sjølv om folk flest lever utan Gud, har interessen for åndelege spørsmål auka dei siste åra, og for nokre danskar sin del har det betydd ein retur til klassisk kristen tru.
- Takk Gud for aukande interesse for tru i Danmark, og be om at Den Heilage Ande må blåsa som ein frisk vind både gjennom den danske folkekyrkja og gjennom frikyrkjene i landet.
- Be om at dei truande skal leva som sanne disiplar av Jesus Kristus.
- Be om at prestane må venda om til Gud og til Bibelen og modig forkynna Guds lov og Guds evangelium klårt og reint.
- Be om at dei må leva i samsvar med Guds lover, og vera gode førebilete for folk.
- Be om at danskane skal venda seg bort frå ateisme, agnostisisme og nyreligiøsitet, og begynna å æra, prisa, tena og lyda den einaste sanne Gud.
- Be om at den store muslimske befolkninga skal læra å kjenna Jesus som Gud og frelsar.
- Be om at spenninga mellom etniske danskar og innvandrarmiljøa skal byggjast ned og erstattast med sympati, forståing og godleik.
- Be om at innvandrarar og flyktningar skal få skikkeleg utdanning og bli godt integrert i samfunnet.
- Be om at dei politiske leiarane i landet skal forstå at dei står under Guds lover, og at dei i Gud har den beste kompanjong og medspelar
- Be om at dei skal ta rettferdige og kloke beslutningar, og at dei skal ha ein personleg høg moralsk standard på liva sine, lyda Gud og tena sine medmenneske.
- Be om landet skal vedta lover som beskyttar dei ufødde barna.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar