Befolkningssamansetning: 72% mestisoar, 7,4% montubiar, 7% amerindianarar, 6% kvite, 4% afroecuadorianarar, 2% mulattar, 1% svarte.
Språk: 94% spansk, 4% quechua, 2% andre innfødde språk.
Statsform: Republikk med president på toppen.
Styreform: Demokratisk fleirpartisystem. Landet har vore prega av svært ustabile regjeringar som kjem og går.
Sosiale tilhøve: Stor avstand mellom fattig og rik.
Økonomi: Basert på produksjon og eksport olje.
Religion: 74% romersk katolsk, 10% evangeliske, 8% ateistar.
I 1967 var 120 av 3 millionar quechuar kristne. I dag tilhøyrer bortimot halvparten av dei ei evangelisk kyrkje. Det er eit moderne misjonsmirakel.
I 1956 vart 5 unge misjonærar drepne av aucaindianarar som var heilt ukjende med det kristne evangeliet. I dag er kyrkja å finna som ei levande kraft i alle desse stammene, og dei les Bibelen på sitt eige språk.
Den kristne radiostasjonen HCJB starta i 1931, og er i dag ei velsigning for heile verda.
Elles er synkretisme eit formidabelt problem i den katolske kyrkja, og ikkje så lite i dei evangeliske kyrkjene heller.
- Be om politisk stabilitet og gode, rettsindige og ukorrupte leiarar. Der, som nær sagt over alt, smuldrar korrupsjonen opp livsgrunnlaget for dei fattige, favoriserer eliten og fører til mange andre former for kriminalitet.
- Be om vekkjing og fornying i dei evangeliske kyrkjene. Mange av dei er i ferd med å kolna, og megakyrkjene som veks fram manglar strategisk misjonstenkning, har lite sans og syn for å nå dei unådde, og er trass storleiken, ekstremt ineffektive med tanke på å vinna nytt terreng for Guds rike.
- Be om apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan utrusta dei heilage til all god gjerning.
- Be om einskap mellom dei evangelisk kristne. Dei er ekstremt oppsplitta, og taper mykje legitimitet av den grunn.
- Be spesielt om einskap mellom dei spansktalande kristne og dei som snakkar quechua.
- Be om at dei kristne skal halda seg til Bibelen og avvisa all påverknad frå falsk lære og demoniske makter som stadig gjer seg gjeldande.
- Be om ein veksande misjonsvisjon i kyrkjene, og at dei truande skal vera drivne av Kristi kjærleik i denne store saka.
- Be om vekking i slumområda i Quito og storbyen Guajaquil.
- Be om vekking i over og middelklassen som er lite berørt av evangeliet
- Be om fridom og nytt liv for alle afroecuadorianarane som er fanga av spiritismens øydeleggjande åndsmakter.
- Be om Guds rikes framgang på Galapagos der det bur 28000 mennesker. Mellom dei ikkje så få darwinistiske øko-turistar som er fiendtleg innstilt til bibelsk kristen tru.
- Be om at Guds ord skal nå fram til Lojaprovinsen i sør, at Anden skal bli aust ut over menneska der, at dei skal bli frelst frå sine synder og innlemma i Guds familie.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar