fredag 3. mai 2019

Republikken Kongo (tidl. Fransk Kongo)

Image result for republikken kongo
Republikken Kongo har 4,6 millionar innbyggjarar. Folkegrupper: 71. Språk: 66 (rundt 30 bibelspråk). Religion: Kristendom (90%). Hovudstad: Brazzaville

Kongo har ei vanskeleg fortid, men ei potensielt lys framtid. Var fransk koloni frå 1884 og fram til 1960. Etter mange år med kommunisme støtta av Sovjetunionen og Cuba, vart det, etter år med borgarkrig som kosta 300 000 menneske livet, halde frie val i 1992.

I dag er landet i stor grad presidentstyrt.

Kongo er rikt på naturressursar. Regnskogen som dekker det meste av arealet er under press frå jordbruket og frå dei som vil utnytta edelt treverk kommersielt. I regnskogane finn me heilt unike dyre og planteartar.

OW beskriv kristendomen i landet er som ei tynn hinne over tradisjonell afrikansk religion. Kongolesarar flest kjenner ikkje Gud, og 50% av dei er reelt sett animistar.


  • Be om eit godt og rettferdig politisk leiarskap i republikken.
  • Be om at korrupte tenestemenn må lukast ut og erstattast med skikkelege folk som fryktar Herren og hatar urett vinning. 
  • Be om klok, god og forsvarleg forvaltning av naturressursane i landet
  • Be om at alle innbyggjarane må få del i dei økonomiske godene, og at offentlege inntekter må nyttast til å utvikla eit godt utdanningssystem og eit forsvarelg helsestell. 
  • Be om at kyrkja i Kongo må få leiarar med høg kvalitet, menn og kvinner som kjenner deg og ditt ord, og som elskar folk.
  • Be om ein intervensjon av DEN HEILAGE ANDE i kyrkjene slik at medlemmene vender om frå synd, trolldom og avgudsdyrking og blir sanne disiplar av Jesus Kristus.
  • Be om kyrkjelydane skal bli fylte av Anden, og dei truande skal bli frimodige og kraftfulle vitner om Kristus.
  • Be om einskap mellom dei kristne
  • Be om ein felles visjon i kyrkjene for å disippelgjera heile nasjonen
  • Be om at heile landet må bli gjesta av Gud



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...