fredag 6. januar 2017

Verda del 3. Nye trendar i verdsmisjonen

Den kristne misjon ser heilt annleis ut i dag enn for få tiår sidan. Då var det snakk om at evangeliet gjekk frå Vesten til "resten". I dag er tinga snudd litt på hovudet og Vesten er sjølv ei misjonsmark, og i stadig større grad ser me at misjonærstraumen snur. Kristne frå Brasil reiser som misjonærar til Portugal, argentinarar til Spania og truande frå Nigeria, Kina og Sør Korea er å finna som misjonærar i mange europeiske land.
  • Herre! Me ber om at du sender ut haustfolk frå alle land for å hausta inn grøda di i alle land.

USA er framleis største utsendingsland. Men Sør Korea har gått forbi Storbritannia som ein god nr. to. Kina seilar opp som ein misjonsgigant med sin "Tilbake til Jerusalem"-visjon. Kinesarane har som mål å kunna senda ut 10% av sine medlemmer i misjon. Me har alt nemnt misjonskyrkja i Mongolia som eit mirakuløst fenomen, men volumet her er sjølvsagt lite. Andre land som overtek leiarskap i verdas misjonsarbeid er Etiopia, Nigeria, Brasil og India. Når det gjeld India er den store misjonsrørsla intern. Store organisasjonar sender misjonærar for å nå ut til dei mange og store unådde folkegruppene i landet. Det som no er utfordringa er at Vesten har pengane og "resten" har folka og krafta.
  • Herre, me ber om at Vesten skal investera i folk frå "resten" slik at dei kan driva effektiv misjon i alle land, og mellom alle dei folka som enno gjenstår for at misjonspåbodet skal oppfyllast.

Mange organisasjonar driv i dag misjon med utgangspunkt i helseinstitusjonar. Dei ser på dette som ein måte å realisera Jesu ord om å lækja dei sjuke på. Helsehjelp gjev ofte eit godt utgangspunkt for hjelp til tru.

Det er også ein trend at kristne jobbar gjennom sekulære organisasjonar som t.d. FN og Raudekrossen. Dei er å finna både i området som treng naudhjelp og u-hjelp. Dei får realisert kallet sitt om å syna godleik gjennom jobben, og ved at dei forkynner ordet og byggjer kyrkjelyd på fritida. Dette gjeld også kristne forretningsfolk med pengar, faglege ekspertar t.d innan energi og folk som driv innan utdanningssektoren. Slike er velkomen over alt. Dei byggjer opp business, investerer i arbeidsplassar og bidreg med kompetanse parallelt med at dei driv disippelgjering og kyrkjelydsbygging. Me ser at misjonsarbeidet vert meir holistisk enn før.
  • Herre, me takkar for kreativitet i misjonsarbeidet, og for at du utrustar og sender folk til ulik type teneste. Du som er sjølve Visdomen, gje folk i alle kyrkjer nye berekraftige idear og draumar, og vilje til å gjennomføra det du har lagt på dei.
Truande filippinarar, koreanarar, nigerianarar og kinesarar som lever og jobbar utanlands, er ein veldig ressurs med tanke på evangelisering i heimlanda. Nokre vender attende som "teltmakarar" , og Gud gjer store ting gjennom dei når dei lever misjonalt i si daglege verksemd i ein kultur dei kjenner frå innsida.
  • Herre, me ber om at f nokre av dei som har møtt deg langt borte frå heimlandet, modig skal venda attende til sitt eige land for å hjelpa frendane sine å finna vegen til deg og di frelse.


Ingen kommentarer:

Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula

  Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...